Halvor Folgerø
norsk journalist
Halvor Folgerø (fødd 3. februar 1967) er ein norsk journalist og forfattar frå Stord. Han har i ei årrekkje vore tilsett i NRK, der han har vore programleiar for mellom anna Mediemenerne. Han har òg vore med i humorprogrammet Radio Røynda. Folgerø vart sommaren 2006 tilsett som nyhendeanker i Bergens Tidende sin TV-stasjon, BTV.
Halvor Folgerø | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 3. februar 1967 (57 år) Stord kommune |
Yrke | journalist, skribent, programleiar, musikar |
Halvor Folgerø på Commons |
Som musikar er han bassist i gruppa Aftenlandet og fagottist i populærorkesteret Finn Erix.
Folgerø debuterte som forfattar i 2005, saman med kollega Finn Tokvam, med romanen Tyl.
Bøker
endre- 2005 – Tyl – skriven saman med Finn Tokvam
- 2012 – Ler dei no så har eg vunne – skriven saman med Finn Tokvam