Fyrste mosebok

første bok i Det gamle testamentet i Bibelen, første bok i Toráen
(Omdirigert frå Første mosebok)

Første Mosebok, også kallla Genesis (hebraisk בראשית Bereshit 'I byrjinga', gresk Γένεσις Génesis, 'Byrjing') er den første boka i Bibelen, både den jødiske Tanakh og det kristne gamle testamentet. Ho utgjer første del av Pentateuken – samlinga av dei fem mosebøkene. Innan jødedomen kjem boka først i Torá, og dermed i Tanákh.

Tittelbladet frå fyrste mosebok i den hebraiske Bibelen av Geršom ben Moše Soncin (1494)

Boka består av urhistoria, med skapingsskildringa og Israelsfolket si tidlege historie, fedrehistoria, med slektshistoria frå Adam og Eva, gjennom Noah og Abraham og fram til Josef og Israelsfolket sitt eksil i Egypt. Første Mosebok sluttar med Josef sin død i Egypt.

1. Mosebok sin strukturEndra

  1. 1-5 Skapingskildringa, Adam og Eva, Kain, Abel og slektslina fram til Noah
  2. 6-11 Forteljinga om storflaumen, Noahs ark og slektslina fram til Abraham
  3. 12-26 Abraham, hans historie og slekt, Sara og Isak
  4. 27-37 Forteljinga om Jakob (Israel) og hans slekt
  5. 38-51 Forteljinga om Josef, israelfolket fer til Egypt