Patriarken Jakob var, ifylgje 1. mosebok, stamfar til dei 12 stammene i jødefolket. Han var son til Isak og Rebekka og soneson til Abraham og Sara.

Jakob med stigen han drøymde om. Glasmåleri frå Notre Dame.

Jakob hadde ein tvillingbror som heitte Esau. Esau vart fødd fyrst av dei to, men vart halden i hælen av Jakob, som vart fødd etterpå. Slik fekk Jakob namnet sitt, for namnet tyder 'å halda i hælen' på hebraisk. Dette kan også tyda å lura eller narra.

Odelsretten og velsigninga endre

 
Isak signer Jakob. Veggmåleri av Giotto di Bondone.

Esau hadde odelsretten som den eldste, men ifylgje 1. mosebok lurte Jakob odelsretten til seg. Då faren Isak var vorten gamal og blind, bad han Esau gå på jakt og stella i stand ein viltrett til Isak så han kunne velsigna han før han døydde. Då Esau hadde gått, rådde Rebekka Jakob til å ta to kje og laga mat av dei i staden. Esau var meir hårete enn Jakob, så Jakob tok på seg skinnet frå kjeungane på armane sine så Isak skulle kjenna på dei og tru det var Esau. Då Isak fekk maten av Jakob, sa han «Det er målet hans Esau, men hendene hans Jakob.» Men han trudde på lygna til Jakob og velsigna han med desse orda:

Kjenn angen av son min er lik angen av ei eng som Herren har velsigna! Gud gjeve deg dogg frå himmelen og rikeleg med grøde på jorda, korn og vin i mengd! Folkeslag skal tena deg, folk skal falla til fote for deg. Ver herre over dine brør! Sønene åt mor di skal bøya seg for deg! Forbanna vere dei som forbannar deg, og velsigna dei som velsignar deg! (1.mos. 27, 27b - 29)

Då Esau kom seinare, vart Isak forskrekka då han skjøna han hadde signa feil son. Fordi Isak m.a. hadde sagt at Jakob skulle vera herre over sine brør, fekk Esau berre ei ringare signing. Etter dette heldt Esau Jakob for hat, og Jakob rømde til Laban, bror til Rebekka i Mesopotamia.

På veg til Haran hadde Jakob ein visjon der han såg ein stige som gjekk opp til Himmelen, med englar som gjekk opp og ned han. Frå toppen av stigen kom stemmen til Gud som gjentok mange signingar av han. Jakobs stige blei eit viktig symbol i jødedom og seinare kristendom. Jakob fortsette reisa og kom fram til Laban sin bustad som han kalla Betel, 'Guds hus'.

 
Jakob slost med engelen. Måleri av Rembrandt.

Jakob hjå Laban endre

Då Jakob spurde Laban om han kunne få gifta seg med Rakel dottera hans, svara Laban at han skulle få henne når han hadde arbeidt for Laban i sju år. Då tida var gått, nekta Laban å gje han Rakel, men gav han Lea i staden. Viss Jakob ville ha Rakel, så fekk han arbeida for han i sju år til, sa han. Det gjorde Jakob, og fekk til slutt Rakel. På den tid hadde han vorte svært rik. Jakob fekk også fylgjekonene Bilha og Silpa.

Jakob ville no venda heim att til Esau, og gjera opp for sviket sitt med å gje han store delar av eigedomen sin. På vegen heim vart han møtt av ein mann som han stridde med ei heil natt, til det lysna av dag. Då ville mannen gå, men Jakob sa til han «Eg slepper deg ikkje før du velsignar meg!» Då gav mannen Jakob namnet Israel, «For du har stridd med Gud og menneske og vunne.» Jakob slo seg så ned i Kana'an.

 
Jakob sørgjer over Josef. Måleri av James Tissot.

Borna til Jakob endre

Jakob fekk 12 søner og minst éi dotter (berre éi er nemnt i 1. mosebok). Med Lea fekk han Ruben, Simeon, Levi, Jissakar, Sebulon, Juda og Dina. Med Bilha fekk han Dan og Naftali. Med Silpa fekk han Gad og Asjer, og med Rakel fekk han Josef og Benjamin. Sidan Jakob fekk namnet Israel, vart sønene kalla Israel-sønene, og etterkommarane deira vart kalla israelittar.

Jakob i Egypt endre

På sine gamle dagar flytte Jakob til Gosen i Egypt. Sonen Josef hadde vorte nestkommanderande under Farao der, og henta faren og alle brørne til Egypt på grunn av ei stor hungersnaud. Jakob døydde i Egypt, 147 år gamal, men velsigna alle sønene sine før han døydde. Han vart gravlagt på same staden som Abraham hadde kjøpt gravstad til seg sjølv og Sara.

Kjelder endre

  • 1. mosebok i Bibelen, nynorsk omsetjing frå 1978. Gjeve ut av Det Norske Bibelselskap 1999.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Patriarken Jakob