Førsteklatring
Førsteklatring eller førstebestiging er eit omgrep eller ei utmerking som fortel kven som først klatra opp på eit fjell, eller klatra ei gitt rute. Førsteklatringar er viktige og respekterte fordi dei står for sjølve utforskinga av fjellet, og risikoen er høgare for den første klatraren/ane enn dei som kjem seinare.
Dei fleste førsteklatringane opp på mindre fjell gjorde før 1850 vart stort sett utført på grunn av yrke, slik som jordbruk, kartlegging eller oppmåling. Etterkvart vart klatring meir ein sport så mindre tilgjengelege fjell vart klatra. Sidan dei fleste toppar no er klatra, vil framtidige førstebestigningar dreie seg om å vere første person eller gruppe som klatrar ei ny rute opp eit fjell.
Kjende førsteklatringar
endreÅr | Fjell | Klatrar | Rute |
---|---|---|---|
1358 | Rocciamelone | Bonifacius Rotarius | |
1876 | Storen | William Cecil Slingsby | |
29. mai 1953 | Mount Everest | Edmund Hillary og Tenzing Norgay | Søraust-ryggen |
31. juli 1954 | K2 | Achille Compagnoni og Lino Lacedelli | Abruzzi-ruta |