FA-cupfinalen i fotball 1955

FA-cupturneringa i fotball 1955 vart avslutta med finale på Wembley stadion i London laurdag 7. mai 1955. Framfor 100 000 tilskodarar sikra Newcastle United seg FA-pokalen for sjette, og hittil (2021) siste, gong, då laget vann med 3–1 over Manchester City.

KampenEndra

Finalen var berre 45 sekund gammal då Jackie Milburn gav Newcastle leiinga. Straks før pause utlikna Bobby Johnstone for Manchester City. I det 52. minutt kom Newcastle framom då Bobby Mitchell sende ballen i nettet. Berre sju minutt seinare fastsette George Hannah sluttresultatet til 3–1.

Newcastle-mannskapet bestod av: Ronnie Simpson, Bobby Cowell, Ron Batty, kapteinen Jimmy Scoular, Bob Stokoe, Tommy Casey, Len White, Jackie Milburn, Vic Keeble, George Hannah og Bobby Mitchell.

KjelderEndra