FA-cupfinalen i fotball 1961
FA-cupturneringa i fotball 1961 vart avslutta med finale på Wembley stadion i London 6. mai 1961. Framfor 100 000 tilskodarar vann Tottenham Hotspur sin tredje FA-pokal. 40 år etter den forrige, ved å slå Leicester City med 2 – 0.
Kampen
endreTottenham avgjorde finalen med skåringar i det 66. og 75. minutt. Den fyrste ved Bobby Smith, frispelt av Terry Dyson, den andre då Dyson heada eit innlegg frå Smith i mål.
Tottenham sitt vinnarlag: Bill Brown, Peter Baker, Maurice Norman, Dave Mackay, Ron Henry, Danny Blanchflower (kaptein), Cliff Jones, John White, Bobby Smith, Les Allen og Terry Dyson.
Leicester City stilte med: Gordon Banks, Len Chalmers, Ian King, Richie Norman, Frank McLintock, Ian King, Colin Appleton, Howard Riley, Jimmy Walsh (kaptein), Hughie McIlmoyle, Albert Cheeseborough og Ken Keyworth
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «1961 FA Cup Final» frå Wikipedia på engelsk, den 29. oktober 2021.