Bill Brown
Bill Brown, fullt namn William Dallas Fyfe Brown, (8. oktober 1931–30. november 2004) var ein britisk-kanadisk fotballspelar frå Arbroath i Skottland. Han var målvakt.
Bill Brown | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 8. oktober 1931 Arbroath |
Død | 1. desember 2004 (73 år) Simcoe |
Idrett | fotball |
Tok del i | VM i fotball 1958 |
Karriere
endreKlubbspel
endreBrown hadde kontrakt med Dundee frå 1949 til 1959. Han vakta målet då klubben hausten 1951 vann den skotske ligacupfinalen med 3-2 over Rangers FC. I 1959 vart han overført til Tottenham Hotspur mot 16 500 pund. Han var med i det suksessrike mannskapet som i 1961 vann både ligaen og FA-cupfinalen. Etter Pat Jennings kom til klubben i 1964 vart han benkeslitar til han hausten 1966 gjekk vidare til Northampton Town. Sommaren 1967 utvandra han til Canada.
Landslagsspel
endreBrown spelte 28 landskampar for det skotske landslaget i tida 1958-65. Han debuterte mot Frankrike under Fotball-VM 1958 i Örebro.
Merittar
endre- Skotsk ligacupvinnar: 1951 med Dundee
- Engelsk ligameister: 1961 med Tottenham
- Engelsk FA-cupvinnar: 1961 og 1962 med Tottenham
- Vinnar av cupvinnarcupen: 1963 med Tottenham
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bill Brown (footballer, born 1931)» frå Wikipedia på engelsk, den 30. oktober 2021. *eu-football