Opna hovudmenyen

Gordon Banks

britisk fotballspelar

Gordon Banks (30. desember 193712. februar 2019) var ein britisk-engelsk fotballspelar frå Sheffield som spelte 73 landskampar for England i tida 1963-72 og vakta målet då England vann VM i fotball 1966 på heimebane. Han spelte på Chesterfield FC 1958/59, Leicester City 1959-67 og Stoke City 1967-72. Banks vann ligacupen 1964 med Leicester og 1972 med Stoke. Han la opp i oktober 1972, etter han miste synet på eit auge i ei trafikkulukke.

Gordon Banks
Gordon Banks 2007.jpg
Fødd 30. desember 1937
Sheffield
Død

12. februar 2019
Stoke-on-Trent

Yrke fotballspelar, sjølvbiograf, fotballtrenar
Gordon Banks på Commons

Banks vart rekna som den beste fotballmålvakta i verda i siste halvparten av 1960-åra. Ei redning av ei heading frå den brasilianske spelaren Pele under VM i fotball 1970 har nærast fått ein ikonisk status.

KjelderEndra