FA-cupfinalen i fotball 1962

FA-cupturneringa i fotball 1962 vart avslutta med finale på Wembley stadion i London 5. mai 1962. Framfor 100 000 tilskodarar vann tittelforsvarar Tottenham Hotspur frå London sin fjerde FA-pokal ved å slå Burnley FC med 3 – 1.

Kampen

endre

Jimmy Greaves gav Tottenham leiinga i det 3. minutt. Fem minutt ut i andre omgang utlikna Jimmy Robson for Burnley. Tottenham slo omgåande tilbake ved Bobby Smith. Kaptein Danny Blanchflower sikra sigeren på eit straffespark, ti minutt før slutt.

Tottenham sitt vinnarlag: Bill Brown, Peter Baker, Maurice Norman, Dave Mackay, Ron Henry, Danny Blanchflower (kaptein), Terry Medwin, John White, Bobby Smith, Jimmy Greaves og Cliff Jones.

Burnley mønstra: Adam Blacklaw, John Angus, Alex Elder, Jimmy Adamson (kaptein), Tommy Cummings, Brian Miller, John Connelly, Jimmy McIlroy, Ray Pointer, Jimmy Robson og Gordon Harris

Jom Finney var dommar.

Kjelder

endre