Jimmy Greaves, fullt namn James Peter Greaves, (20. februar 194019. september 2021) var ein engelsk fotballspelar frå London som med sine 357 nettkjenningar har skåra flest mål i toppserien i engelsk fotball. Han er også tidenes toppskårar i Tottenham Hotspur med 266 mål. I seks sesongar vart han toppskårar i engelsk 1. divisjon.

Jimmy Greaves


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 20. februar 1940
Manor Park
Død

19. september 2021 (81 år)
Danbury

Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1966, VM i fotball 1962, EM i fotball 1968

Utmerkingar

English Football Hall of Fame

Karriere endre

Klubbspel endre

 
Vinnarlaget til Tottenham i cupvinnarcupen 1963 med Greaves som nummer to frå høgre i fremre rekke

Greaves debuterte for Chelsea FC i august 1957. Over fire sesongar skåra han 124 ligamål før han i april 1961 vart overført til den italienske klubben AC Milan mot £80 000. Han treivst ikkje i Italia og returnerte til England og Tottenham Hotspur mot £99 999 allereie i desember same året. Med Tottenham vann han FA-cupen 1962, Cupvinnarcupen 1963 og FA-cupen 1967. Han skåra eitt mål i cupfinalen 1962 og to då Atlético Madrid tapte 1-5 i cupvinnarcupfinalen i Rotterdam. I mars 1970 gjekk han over til West Ham United då Tottenham samstundes syrgde for å få Martin Peters den motsette vegen. Våren 1971 la Greaves opp, allereie på veg inn i alkoholisme.

Landslagsspel endre

Greaves skåra 44 landslagsmål på 57 kampar for England i tida 1959-67. Han deltok i VM i fotball 1962 og VM i fotball 1966. Under verdsmeisterskapen på heimebane i 1966 førte ein lettare skade til at Geoff Hurst med stor suksess tok over senterløpar-plassen og Greaves etter gruppespelet vart sitjande på reservebenken resten av meisterskapen. Straks føre VM-triumfen skåra Greaves fire mål i landskampen mot Noreg 29. juni på Ullevaal stadion i Oslo som enda med tap 1-6 for heimelaget.

Merittar endre

  • Verdsmeister: 1966 for England
  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1963 med Tottenham
  • Vinnar av FA-cupen: 1962 og 1967 med Tottenham

Kjelder endre