FA-cupfinalen i fotball 1993
FA-cupturneringa i fotball 1993 vart avslutta med finale på Wembley stadion i London 15. mai og omkamp 20. mai. 79 347 tilskodarar var til stades om laurdagen, 62 267 den etterfylgjande torsdagen. Etter 1–1 i det fyrste oppgjeret mellom Arsenal FC og Sheffield Wednesday, sikra London-laget Arsenal seg FA-pokalen med siger 2–1, etter ekstraomgangar også i omkampen.
Kampane
endreI laurdagskampen skåra Ian Wright for Arsenal i 20. minutt. Kvarteret ut i andre omgang utlikna David Hirst utlikna til sluttresultatet 1–1. Også i omkampen skåra Ian Wright fyrst, han gav Arsenal leiinga i 34. minutt. Midtvegs i andre ordinære omgang utikna Chris Waddle for Sheffield Wednesday. Ekstraomgangane var mållause heilt det stod att 90 sekund. Arsenal-stopparen Andy Linighan vart matchvinnar då han etter hjørnespark, frå 7-8 meters hald, stanga ballen i mål via fingrane til Wednesday-målvakta.
Mannskapa til Arsenal bestod av: David Seaman, Lee Dixon, Andy Linighan, Tony Adams (kaptein), Nigel Winterburn, Paul Davis, John Jensen, Paul Merson, Kevin Campbell, Ian Wright, Alan M. Smith, Ray Parlour og David O'Leary.
Sheffield Wednesday mønstra: Chris Woods, Roland Nilsson, Viv Anderson (kaptein), Carlton Palmer (kaptein), Paul Warhurst, Nigel Worthington, Chris Waddle, Danny Wilson, John Sheridan, John Harkes, David Hirst, Mark Bright, Graham Hyde, Chris Bart-Williams.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «1993 FA Cup Final» frå Wikipedia på engelsk, den 15. mai 2021.