FA-cupfinalen i fotball 2010

FA-cupfinalen i fotball 2010 fann stad på Wembley stadion i London 15. mai 2010, med 88 335 tilskodarar på tribunane. Finalen stod mellom tittelforsvarar Chelsea FC frå London og Portsmouth FC, kampen enda 1–0 til Chelsea.

Kampen

endre
Lagoppstillingane med Chelsea i blått

Fire minuttar etter Chelsea-målvakta Petr Čech i det 54. minutt redda eit straffespark frå Kevin-Prince Boateng, avgjorde Chelsea-spissen Didier Drogba kamputfallet med eit frispark.

Chelsea sitt vinnarlag bestod av: Petr Čech, Branislav Ivanović, Alex Costa, John Terry (kaptein), Ashley Cole, Frank Lampard, Michael Ballack, Florent Malouda, Salomon Kalou, Didier Drogba og Nicolas Anelka. Straks før pause tok Juliano Belletti over for Ballack og Joe Cole spelte i vel 20 minutt i staden for Kalou. I sluttsekunda gjekk Anelka av bana, inn kom Daniel Sturridge.

Portsmouth mønstra David James (kaptein), Steve Finnan, Ricardo Rocha, Aaron Mokoena, Hayden Mullins, Aruna Dindane, Michael Brown, Papa Bouba Diop, Kevin-Prince Boateng, Jamie O'Hara, Frédéric Piquionne. Utover i siste del av andre omgang kom John Utaka, Nadir Belhadj, Nwankwo Kanu i spel, ut gjekk Boateng, Diop, Mullins.

Chris Foy var dommar.

Kjelder

endre