FA-cupfinalen i fotball 2020
FA-cupfinalen i fotball 2020 fann stad på Wembley stadion i London den 1. august utan tilskodarar på tribunane. Kampen mellom London-klubbane Arsenal FC og Chelsea FC enda med siger 2 – 1 til Arsenal, nett det same som i FA-cupfinalen 2017.
Grunna restriksjonar i samband med Covid-19-pandemien vart kvartfinalane, semifinalane og finalen i FA-cupen 2020 utsett i fleire månader.
Kampen
endreI det 5. minutt av finalen kippa Chelsea-løparen Christian Pulisic, frå 6-7 meters hald, ballen forbi målvakta. Arsenal-spissen Pierre-Emerick Aubameyang utlikna på straffespark i det 28. minutt. Midtvegs i andre omgang vart same mann matchvinnar då han finta ut ein Chelsea-forvarar og løfta ballen over ei utrusande målvakt. Chelsea-spelaren Mateo Kovačić fekk sitt andre gule kort og utvist i det 73. minutt.
Arsenal sitt vinnarlag bestod av:Emiliano Martínez, Rob Holding, David Luiz, Kieran Tierney, Héctor Bellerín, Dani Ceballos, Granit Xhaka, Ainsley Maitland-Niles, Nicolas Pépé, Alexandre Lacazette, Pierre-Emerick Aubameyang. Eddie Nketiah og Sokratis Papastathopoulos kom på bana mot slutten av kampen, Sead Kolašinac i sluttsekunda.
Chelsea mønstra Willy Caballero, César Azpilicueta, Kurt Zouma, Antonio Rüdiger, Reece James, Jorginho Frello, Mateo Kovačić, Marcos Alonso, Mason Mount, Olivier Giroud, Christian Pulisic. Også Andreas Christensen, Pedro Rodríguez, Ross Barkley, Tammy Abraham og Callum Hudson-Odoi kom i spel utover i kampen.
Anthony Taylor var finaledommar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «2020 FA Cup Final» frå Wikipedia på engelsk, den 26. mai 2021.