Pedro Rodríguez
Pedro Eliezer Rodríguez Ledesma, kjend som berre Pedro (fødd 28. juli 1987 i Santa Cruz de Tenerife på Kanariøyane) er ein spansk fotballspelar som spelar for AS Roma (2020).
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Pedro Eliezer Rodríguez Ledesma | ||
Fødd | 28. juli 1987 (37 år) | ||
Fødestad | Santa Cruz de Tenerife | ||
Høgd | 169 cm | ||
Posisjon | Ving | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Barcelona | ||
Nummer | 7 | ||
Ungdomsklubbar | |||
2003-03 2003-07 |
San Isidro Barcelona | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2007- | Barcelona | 169 (52) | |
Landslag | |||
2008 2010- |
Spania U21 Spania |
2 (0) 39 (14) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 17. mai 2014 ‡ Landslagsmål oppdatert 7. juni 2014 |
Han har spela for Barcelona. Han har òg landskampar for Spania. Pedro vart seriemeister med Barcelona i 2009, 2010, 2011 og 2013, var med på å vinna Den europeiske meisterligaen med dei i 2009 og 2011 og VM for klubblag i 2009 og 2011.
Pedro debuterte for Spania sitt A-landslag 29. mai 2010 i ein vennskapskamp mot Saudi-Arabia etter at han vart teken ut i Spania sin tropp til fotball-VM i 2010. 8. juni same året skåra han det første landslagsmålet sitt i ein treningskamp mot Polen. Han spelte i fem av kampane under VM i Sør-Afrika, to av dei frå start, mellom anna finalen mot Nederland, då Spania vart verdsmeistrar. I fotball-EM i 2012 spelte han som innbyttar i tre av Spania sine kampar då dei vart europameistrar.