Frekvensmodulasjon

(Omdirigert frå FM)

Frekvensmodulasjon (FM) er informasjon som skal overførast (modulerast) inn på ei berebølge som ein variasjon av frekvensen. Den mest kjende bruken av FM er lydkringkasting.

Animasjon av lyd, AM og FM
Øvst: Signalet, til dømes ei lydbølge, som skal sendast med FM. Nederst: Svingetakta (frekvensen) til berebølgja forandrar seg i takt med bølgjeforma til lydbølgja, FM. I midten: I amplitudemodulasjon (AM) er det styrken på berebølgja som blir modulert av lydbølga.

I Noreg endre

I Noreg anbefalte ei arbeidsgruppe (Digitalradiogruppen) oppnemd av Medietilsynet etter brev frå Kultur- og kyrkjedepartementet at FM-nettet skulle sløkkast i 2014 til fordel for DAB.[1]

Seinere vart det vedteke at NRK sitt FM-nett skulle sløkkast i 2017 til fordel for DAB, men ein del lokalradiostasjonar ville framleis nytta FM.[2]

Sjå også endre

Kjelder endre

  1. «Digitalradio i Norge». Medietilsynet. 7. mai 2008. Arkivert frå originalen 24. juli 2011. Henta 18. september 2011. 
  2. «FM-nettet skal ikke slukkes!». Norsk Lokalradioforbund. Henta 15. januar 2017.