SN sin høgkommissær for menneskerettar
(Omdirigert frå FNs høykommissær for menneskerettigheter)
SN sin høgkommissær for menneskerettar (eng. Office of the UN High Commissioner for Human Rights, OHCHR, tidlegare UNHCHR) er ei spesialavdeling i SN-systemet som blei oppretta i 1994 for å verna om menneskerettane som er skrivne ned i Menneskerettsfråsegna frå 1948 og garanterte under folkeretten. Høgkommissæren har formell rang som visegeneralsekretær i SN.
Avdelinga blei grunnlagd på basis av ei anbefaling frå verdskonferansen om menneskerettar i 1993, etter påtrykk frå mellom anna dei nordiske landa. Arbeidet hennar er retta mot styresmakter i form av direkte rådgjeving, forpliktande avtalar og traktatar, og skiping og og bygging av statlege og ikkje-statlege institusjonar.
Høgkommissærar
endre- José Ayala-Lasso ( Ecuador 1994-1997)
- Mary Robinson ( Irland 1997-2002)
- Sérgio Vieira de Mello ( Brasil 2002-2003)
- Louise Arbour ( Canada 2003-2008)
- Navi Pillay ( Sør-Afrika frå 2008)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «FNs høykommissær for menneskerettigheter» frå Wikipedia på bokmål, den 20. mars 2011.