FT «Longva»

Fabrikktrålaren «Longva» var første fabrikkskipet i Noreg. Han vart levert til reiarlaget 20. november 1962. «Longva» vart konstruert og bygd av A.M. Liaaens Mek.Verksted i Ålesund i samarbeid med reiar John O. Longva i reiarlaget Longvatrål. Ideen til å få bygd eit fabrikkskip fekk Jon Longva på synfaring ombord i det engelske fabrikkskipet «Fairtry». Longva meite at plassen ombord i eit fabrikkskip måtte utnyttast betre enn engelskmennene hadde gjort. Longva vart mykje mindre og meir kompakt. Han vart bygd som hekktrålar med filetfabrikk og fryseri.

John Longva, og samarbeidspartnarane på Liaaen brukte åtte år på å gjennomtenkje, teikne og bygge skipet. Det vart på 1092 bruttotonn, var 63,35 meter langt og ti meter breitt. Hovudmaskinen var på 1500 hk. Innfrysingskapasiteten var på 16 tonn filet i døgeret. Full last var 400 tonn filet. Byggeprisen var 6,6 millionar kroner.

«Longva» vart bygd for fiske på fjerne farvatn, først og fremst ved Grønland og Newfoundland. På første turen hadde han eit mannskap på 52, fordelt på tråldekk og i fabrikken.

I 1973 vart Longva ombygd til seismisk leitefartøy. I 1981 vart han seld til Sovjetunionen.

KjelderEndra