Norske fabrikkskip

Norske fabrikkskip er fiskefartøy som som for det meste fangstar med trål, og som vidareforedlar fangsten ombord. Det første norske fabrikkskipet som fiska med trål kom i drift i 1962. På det meste, kring 1990, var 25 norske fabrikkskip i drift.

Det er døme på fangstbearbeiding ombord i fartøy tidlegare og. På 1920–1930 talet vart det fiska kveite i Davidsstredet, der fangsten vart nedfosen ombord i moderskip. Under dei rike storsildåra på 1950-talet, vart det levert sild til flytande sildoljefabrikkar på fangstfeltet.

Det første norske fabrikkskipet , FT «Longva» ,vart utvikla av John O. Longva, i samarbeid med A.M. Liaaens Mek.Verksted i Ålesund. Med kjennskap til engelske og tyske fabrikkskip konstruerte dei ei meir kompakt løysing, der plassen vart svært godt utnytta. Longva, og dei seinare norske fabrikkskipa vart ein god del mindre enn tilsvarande utanlandske. Longva var 63 meter lang. Dei fleste norske fabrikkskipa har vore på om lag den storleiken. Dei har vort så godt omtykte i utlandet at i tillegg til nybygg av slike skip, har fleire brukte fartøy vorte selde utanlands.

Dei norske fabrikkskipa har vore hekktrålarar. Trålposen med fangsten vert vinsja ombord gjennom trålporten i hekken. Frå tråldekk går fangsten, gjennom luker og på transportband til filetfabrikken. Der vert fisken blogga, sprett, kappa og filetert. Den ferdige fileten, med eller uten skinn, vert pakka i forbrukarpakningar og hurtiginnfrosen. Avfallet vert og utnytta. Fabrikkskipa har eige dekksmannskap som tek seg av fiske, og fabrikkmannskap som står for produksjon av fisken.

Den tekniske utviklinga på fabrikkskipa har vore stor sidan 1962. Moderne navigasjonsteknikk er teken i bruk. Fabrikk-og frysekapasiteten har auka. Medan FT «Longva», i 1962, hadde ein hovudmotor som ytte 1500 hk, har moderne fartøy maskinkraft på over 5000 BHK.

Frå 1969 var fabrikkskipreiarane organiserte i Norske Fabrikkskips Foreining. I 1995 vart ho samanslegen med Fiskebåtredernes Forbund.

Kjelder endre