Harald Grytten

norsk historikar

Harald Grytten (fødd 21. november 1938)[treng kjelde] er ein norsk forfattar og tidlegare lærar frå Ålesund. Han er særleg kjend for sine entusiastiske omvisingar og omtalar av fødebyen Ålesund, og sine mange historieverk vedkomande byen og bysamfunnet.

Harald Grytten
Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. november 1938 (85 år)
Yrke historikar

Liv og gjerning endre

Grytten er mellom ann utdanna ved Universitetet i Bergen, der han i 1973 vart cand. philol. i norsk med hovudoppgåva Ei gransking av talemålet på Midøy. Grytten hadde tidlegare vore lærar i Midsund, og var seinare lærar ved vidaregåande skule i Ålesund. Frå 1973 til 1993 var han styrar for Aalesunds Museum, eit yrke som dei fyrste åra var ei deltidsstilling.

Frå 1980 byrja Grytten å gje ut rikt illustrete byhistoriske verk frå ulike delar av byen Ålesund og om folket der. Gjennom posisjonen som museumsmann arbeidde han for å bevare det opphavlege bygningsmiljøet i Ålesund. Han spela såleis ei viktig rolle for at ålesundarane gjenoppdaga jugendstilen og byrja sette pris på byggeskikken som kom til å prege bysentrum etter gjenreisinga etter bybrannen i 1904.

Grytten er særleg kjend som foredragshaldar og talar. Gjennom sine byvandringar og ståande på ein liten trekrakk formidla han i fleire tiår byhistoria med glød og humor. I 2004 fekk Grytten Kommunikasjonsprisen i Møre og Romsdal for sin uvanleg tydelege og konsekvente kommunikasjon gjennom bruk av enkle verkemidlar.

Den 9. april 2010 vart det kjent at kongen hadde utnemnt Harald Grytten til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden «for hans betydningsfulle innsats for norsk kulturarv.»[1] Samstundes vart opplyst at avgjerda om ordenstildeling la særleg vekt på innsatsen hans innan by- og lokalhistorie.

Bibliografi (eit utval) endre

  • Byvandring I: Gater og steder i det gamle og nye Ålesund (1980)
  • Byvandring II: Gater og steder i det gamle og nye Ålesund (1981)
  • Byvandring III: Gater og steder i det gamle og nye Ålesund (1982)
  • Byvandring IV: Gater og steder i det gamle og nye Ålesund (1983)
  • Byvandring V: Gater og steder i det gamle og nye Ålesund (1984)
  • I kjærlig erindring – Aarflot i Ålesund gjennom 125 år (1985)
  • Tro og tjeneste. Menighetspleien i Ålesund 100 år: 1888-1988 (1988)
  • Kvær sin smak! Gullkorn fra Ålesund og deromkring (1998)
  • Ålesund og ålesundere i sol og regn – sett fra krakken min (1990)
  • Kongelig byvandring (1991)
  • Søskenbarna og andre lykkelige tilstander i Ålesund (1993)
  • Til fots i Ålesund. En rusletur i den gamle og nye by ved Ålesundet (1994)
  • Byleksikon (1997)
  • Hjemsted og by. Ålesund 1948-1998 (1998)
  • Viltre gutt – byen som brente (2002)
  • Fugl Føniks. Ålesund opp av asken (2004)
  • Ein ungdom på hundre. Ungdomslaget Ivar Aasen 1905-2005 (2005)

Kjelder endre

  1. Utnevnelse til St. Olavs Orden, kongehuset.no, besøkt 9. april 2010.