Fabienne Serrat (fødd 5. juli 1956) er ein fransk tidlegare skirennar frå Le Bourg-d'Oisans i Isère-departementet som i 1974 vart verdsmeister i både storslalåm og i kombinasjonen.

Fabienne Serrat

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 5. juli 1956 (67 år)
Le Bourg-d'Oisans
Yrke alpinist
Språk fransk
Høgd 170 centimeter
Ektefelle Peter Lüscher
Fabienne Serrat på Commons

Aktiv endre

Serrat debuterte i den alpine verdscupen få dagar før jul i 1972. På tampen av debutsesongen kom ho 22. mars 1973 på sigerspallen i verdscupen etter eit slalåmrenn i Heavenly Valley i USA, einast landskvinna Patricia Emonet rann fortare.

Enno 17 år gammal nådde Serrat i 1974-sesongen toppen som skirennar. Ho vann sin fyrste siger i eit verdscuprenn i Bad Gastein i slutten av januar månad. Ni dagar seinare vann ho gullmedaljen i storslalåm under VM i alpine greiner 1974 i St. Moritz. Fine plasseringar i utfor og slalåm, nr 10 og nr 4, førte til at ho også vann gullmedaljen i kombinasjonen.

Også under alpin-VM 1978 i Garmisch-Partenkirchen sikra Serrat seg medalje i kombinasjonen gjennom sterke plasseringar i enkeltøvingane. Ho fekk då bronsen etter femte- og sjetteplass i høvesvis slalåm og storslalåm.

Serrat vart nummer fire i storslalåm under vinterleikane 1980 i Lake Placid og nummer fem i same øvinga under VM i alpine greiner 1982 i Schladming. I den olympiske storslalåmen var det landskvinna Perrine Pelen som tok bronsen, ein hundredels sekund føre Serrat på fjerdeplass.

I verdscupen i alpine greiner oppnådde Serrat 36 pallplasseringar, men einast tre gongar stod ho toppen av pallen, siste gongen i desember 1980. Perioden 1973-83 sikra ho seg 13 franske meistertitlar, flest i storslalåm.

Serrat la bort konkurranseskia i 1984. Ho er gift med den sveitsiske alpinisten Peter Lüscher som vann verdscupen i alpine greiner 1979.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar