Factory Cove
Factory Cove er ei lita vik mellom Knife Point og Berntsen Point sør i Borge Bay ved Signy Island i Sør-Orknøyane. Vika vart grovt kartlagd av den norske kvalfangaren Hans Borge i 1913–14, og kalla «Borge Havna» på eit kart frå denne perioden av Petter Sørlle. Namnet Borge vart sidan nytta om bukta som denne vika er ein del av. Vika vart kartlagd på ny av Discovery Investigations i 1927 og gjeve namnet Factory Cove, fordi ruinane av eit kvalkokeri bygt i 1920–21 av Tønsberg Hvalfangeri ligg ved søraustkysten.[1]
Factory Cove | |||
vik | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 60°43′S 45°37′W / 60.717°S 45.617°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Factory Cove 60°43′00″S 45°37′00″W / 60.7167°S 45.6167°W | |||
Kjelder
endre- ↑ «Factory Cove». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 16. oktober 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Factory Cove» (innhald frå Geographic Names Information System).