Tierra del Fuego, Antártida e Islas del Atlántico Sur
- For den chilenske provinsen, sjå Provinsen Tierra del Fuego.
Provincia de Tierra del Fuego, Antártida e Islas del Atlántico Sur er den sørlegaste av dei 24 provinsane i Argentina. Den norske omsetjinga av namnet blir: «provinsen Eldlandet, Antarktis og dei søratlantiske øyane,» noko som reflekterer Argentina sitt krav om eigarskap over mellom anna Falklandsøyane.
Provincia de Tierra del Fuego, Antártida e Islas del Atlántico Sur | |||
provins | |||
|
|||
Land | Argentina | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Ushuaia | ||
Areal | 987 168 km² | ||
Folketal | 185 732 (18. mai 2022)[1] | ||
Grunnlagd | 1990 | ||
Språk | spansk | ||
Tierra del Fuego, Antártida e Islas del Atlántico Sur 54°21′43″S 67°38′17″W / 54.362°S 67.638°W | |||
Kart som viser Tierra del Fuego, Antártida e Islas del Atlántico Sur.
| |||
Wikimedia Commons: Tierra del Fuego, Antártida e Islas del Atlántico Sur Province |
Hovudstaden er Ushuaia, eit namn frå eit urfolksspråk som betyr «bukt ved slutten». I tillegg til hovudstaden har provinsen to større busetnader, det er Rio Grande på Eldlandet og Tolhuin.
Området har vore budd i av urfolk i over 12 000 år, og vart første gong observert av ein europear i 1520 av Ferdinand Magellan. Sjølv etter at Argentina vart sjølvstendig, heldt fram med å vere dette området under urfolks kontroll fram til «Ørkenens erobring» på 1870-talet, då Argentina organiserte det som eit territorium i 1885. Gullrushet og veksten i sauehald førte til europeisk innvandring, og Tierra del Fuego vart ein provins i 1990.
Geografi
endreProvinsen omfattar den austlege, argentinske delen av Storøya i Eldlandet og heile Estados-øya. I praksis er det dette landområdet Argentina per i dag rår over i provinsen. I tillegg dekkjer provinsen Argentina sitt krav over Falklandsøyane, Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane og Argentinsk Antarktis. Kravet om Argentinsk Antarktis er underlagt Antarktistraktaten, og kan difor ikkje resultera i nokon eventuell konflikt.
I nord blir Storøya i Eldlandet prega av låge fjell og sandstrender, medan sørlege delar er meir fjellrike. Andesfjella flatar ut mot midten av øya, og høgaste punkt er Cornú-fjellet på 1490 moh. Øya har korte elvar og små isbrear som renn ut i havet.
Provinsen har eit kaldt oseanisk klima. Havet og dei sterke vestlege vindane gir eit jamt klima gjennom heile provinsen, med årstemperaturar rundt 0 °C om vinteren og rundt 10 °C om sommaren. Vindane frå Stillehavet gjer at temperaturen kjennest lågare (vindkjøling). Den årlege nedbøren ligg på omtrent 700 mm, jamt fordelt gjennom året med litt meir på hausten, og øya har mykje snøfall. Store delar av øya tilhøyrer den magellanske subpolare skogøkoregionen.
Historie
endreTidleg på 1800-talet, då både Chile og Argentina vart sjølvstendige statar, var begge landa interesserte i å overta eigarskapen over heile øygruppa Eldlandet. Ikkje før i 1881 vart det vedteken ei grense mellom landområda til dei to statane. Storøya i Eldlandet, den viktigaste og mest folkerike av øyane, vart delt på midten. Bortsett frå det fekk Argentina om lag ein tredjedel av øygruppa medan Chile fekk to tredjedelar. Argentina etablerte ei lokalregjering for sin del av øygruppa i 1884.
På 1900-talet kom det til ein langvarig konflikt over tre strategisk plasserte, men folketomme øyar, Picton, Lennox og Nueva. Ifylgje grenseavtalen var øyane chilenske, men Argentina meldte si interesse for øyane så tidleg som 1904. Chile var ikkje interesserte i å gje frå seg øyane, og konflikten toppa seg etter andre verdskrigen, særleg i 1970-åra. I 1980-åra kom pave Johannes Paul II inn som meklar, og dei to partane greidde å arbeida seg fram til ein avtale som begge kunne godta. Ein fredsavtale vart underskriven i november 1984. Kort tid seinare, i 1990, oppretta Argentina Tierra del Fuego som den yngste av provinsane i landet.
Økonomi
endreSidan 1970-åra har Tierra del Fuego drege nytte av statlege subsidiar til lokal industri. Den anslåtte BNP-en i provinsen i 2006 var på 2,6 milliardar USD, med ei inntekt per innbyggjar på 25 719 USD, nest høgast i Argentina.
Trass i avstanden utgjer produksjon rundt 20 % av økonomien, delvis takka vere skatteinsentiv til industrien som har ført til etablering av fabrikkar, særleg innan hushaldsapparat og elektronikk, etter ei lov frå 1972.
Sauehald er hovudkjelda til jordbruksinntektene i provinsen og står for ull, kjøtt og skinn, produkt som er i aukande etterspurnad i den argentinske marknaden. Som i nordlege Patagonia er olje- og gassutvinning viktig for Tierra del Fuegos økonomi og utgjer over 20 % av totalproduksjonen. Utforsking går framleis føre seg, og Falklandsøyane har også utskrive leitelisensar i sine farvatn, noko som har skapt spenningar med Argentina.
Turisme er ei veksande næring på Tierra del Fuego, med attraksjonar som fjell, isbrear, skogar, elvar, fossefall, skianlegg og hav – alt innan kort avstand.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://censo.gob.ar/wp-content/uploads/2023/11/CNPHV2022_RD_Indicadores-demogrA%C2%A1ficos.pdf; vitjingsdato: 28. juli 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Tierra del Fuego Province, Argentina» frå Wikipedia på engelsk, den 13. juni 2012 og 6. november 2024