Falles (valensiansk Falles, eintal Falla, spansk Fallas[1] er ei spansk høgtid til ære for den heilage Josef i Valencia og i området rundt. Ho blir halden årleg i fire dagar fram til 19. mars, helgendagen til Josef. Hendinga blei teken med på UNESCO si liste over immateriell verdsarv den 30. november 2016.[2]

Mascletada/mascletà i Valencia

Skildring endre

Josef frå Nasaret er vernehelgen for Valencia. Feiringa hans varer frå 15. til 19. mars, men allereie 1. mars byrjar feststemninga med kinaputtar og fyrverkeri. Kvart nabolag i byen har ei gruppe som planlegg feiringa og organiserer innsamlingar som festar og paellamåltid.[3] Kvar gruppe (casal faller eller comissió fallera) lager ein konstruksjon kalla ein falla som blir brend under høgtida.[4]

Galleri endre

Kjelder endre

  1. Página Oficial de la Junta Central Fallera. Fallas.com.
  2. «Valencia Fallas festivity included in UNESCO's intangible cultural heritage list». EPA European Pressphoto Agency b.v. European Pressphoto Agency. November 30, 2016. Arkivert frå originalen December 1, 2016. Henta 1 December 2016. 
  3. Hazel Andrews; Teresa Leopold (8 February 2013). Events and the Social Sciences. Routledge. s. 11. ISBN 978-0-415-60560-1. 
  4. Gil-Manuel Hernàndez i Martí (1 January 1996). Falles i franquisme a València. Afers. s. 92. ISBN 978-84-86574-36-9.