Paella
Paella er ein spansk rett av kokt ris med olivenolje og safran som kan vera iblanda skaldyr, blekksprut, fisk, fugl og grønsaker. Paella stammar frå Valencia-området og er eigentleg det valensianske namnet på steikepanna retten blir laga i.[1][2]
Ei paellapanne er vid og ganske flat med to handtak. Ho har som regel ein diameter på minst 30 cm, til familiebruk typisk 50-60 cm, men han kan vera fleire meter på panner brukt til større serveringar. Tradisjonelt lager ein retten over open eld, men i nyare tid er det blitt vanlegare å bruka gass som varmekjelde. Retten blir servert direkte frå panna.[2]
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Paella» frå Wikipedia på svensk, den 19. mars 2017.