Fanafjellet er eit uoffisielt namn på det skogkledde fjellområdet som ligg sør for Fana i Bergen kommune i Vestland. Det består av toppane Lyseskarfjellet (313 moh.), Høgeåsen (309 moh.), Ramberget (300 moh.) og Fanasåta (284 moh.). Fanaseter ligg mellom Ramberget og Fanasåta.

Fanafjellet
fjell
Fanafjellet sett frå Fana.
Land  Noreg
Område Bergen (Hordaland)
Høgd Lyseskarfjellet: 313 moh.
Primærfaktor 160 m
Koordinatar 60°14′07″N 5°21′31″E / 60.23528°N 5.35861°E / 60.23528; 5.35861

Fanafjellsvegen går over fjellet frå Fana til Nordvik, om lag 233 moh. på det høgaste.