Fanafjellsvegen
Fanafjellsvegen er ein veg i Fana bydel i Bergen som går frå Fanavegen og Titlestadvegen og søraustover over Fanafjellet til kommunegrensa mot Os kommune. Vegen er 6,1 km lang og er ein del av Fv163.
![]() | |||
![]() | |||
Strekning | |||
---|---|---|---|
Fana kyrkje – Nordvik | |||
Informasjon | |||
Lengd | 6,1 km | ||
Status | del av Fv163 | ||
Tilstøytande vegar | |||
546 |
Vegen har ei trafikkmengd på 2200-2400 bilar i døgeret, bortsett frå stykket mellom Hamrevegen og Fanavegen, der trafikkmengda er 5000 bilar i døgnet.
Namnet på vegen vart vedteke i 1961.
Oppe på det høgste punktet av vegen over Fanafjellet, der det er ein stor parkeringsplass, ligg avdelinga til Hordamuseet med ni seterhus frå ulike stader i Hordaland spreidd utover i terrenget. Tidlegare låg òg serveringstaden Fanaseter her med si vesle dyrepark og nokre hestestallar, som i si tid var ein populær utfartsstad for familiar med born. Ved Nordvik i Bergen, nær grensa til Os kommune, ligg den vesle Nordvik skole.
Knutepunkt
endre- 546 Fanavegen og Fv169 Titlestadvegen
- Fanaflaten
- Fv167 Hamrevegen
- Sideveg mot aust (130 m)
- Sideveg mot sørvest (150 m)
- Sideveg mot nordaust (120 m)
- Sideveg mot aust (130 m)
- Sideveg mot sør (300 m) Fanaseter
- Høgaste punktet på vegen - 232 moh
- Sideveg mot aust (340 m)
- Sideveg mot nordaust (100 m)
- Avkjørsel Nordvikvegen
- Sideveg mot søraust (180 m)
- Sideveg mot nord (90 m)
- Sideveg mot sørvest (90 m)
- Sideveg mot aust (390 m) - Nordvik skole
- Avkjørsel Sagstadvegen
- Avkjørsel Sagstadvika
- Sideveg mot sørvest (90 m)
- Endepunkt Fv163 Sperrevikvegen i Os kommune.
Kjelder
endre- Gunnar Hagen Hartvedt og Norvall Skreien (2009). Bergen byleksikon (5 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 978-82-573-1761-4.
- Nasjonal vegdatabank Arkivert 2010-11-11 ved Wayback Machine.