Fandaqumiya
Fandaqumiya, (arabisk الفندقومية, al-Fandaqumiyah, Pentakomia) er ein palestinsk landsby i Jenin guvernement nord på Vestbreidda, nordvest for Nablus. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på 3 363 innbyggjarar i 2006.[1]
Fandaqumiya | |||
الفندقومية, al-Fandaqumiya, Pentakomia | |||
kommune | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Jenin guvernement | ||
Koordinatar | 32°19′13″N 35°12′13″E / 32.32028°N 35.20361°E | ||
Areal | 3,9 km² | ||
Folketal | 3 363 (2006) | ||
Folketettleik | 862 / km² | ||
Fandaqumiya 32°19′13″N 35°12′13″E / 32.320277777778°N 35.203611111111°E | |||
Kart som viser Fandaqumiya.
| |||
Wikimedia Commons: Fandaqumiya |
Namn
endreDet arabiske namnet på landsbyen, Al Fandaqumiyah (الفندقومي), er ei forvansking av det greske omgrepet Pentakomia: Komia tyder 'landsby' eller 'samfunn', medan penta tyder 'fem'. Pentakomia syner truleg til ei administrativ eining med fem landsbyar som ein gong var i området.[2][3][4]
Geografi
endreLandsbyen ligg nord på Vestbreidda, langs vegen nordover frå Nablus til Jenin. Han ligg mellom dei gamle ruinane i Samaria og Sebaste og Sanurdalen. Han ligg òg i nærleiken av landsbyane Jaba og Silat ad-Dhahr, i tillegg til den tidlegare busetjingane Homesh og Sa-Nur, som vart fråflytta etter tilbaketrekkingsplanen til Israel.
Historie
endreDei tidlegaste funna i Fandaqumiya er mellom anna ei krukke i kvit leire med brende bein, som vart funnen i ei grav. Utforskinga av denne krukka av den arkeologiske avdelinga ved An-Najah nasjonaluniversitet indikerte at han er datert til yngre steinalder. Ein steinreiskap som var sirkelforma med eit hol i midten, vart funnen i lag med krukka, men ikkje datert.
Det er funne to myntar frå den greske perioden i landsbyen. Ein prutah prega av den hashmoneiske herskarn Aleksander Jannaeus mellom 103 og 76 fvt., i tillegg til ein gresk mynt frå Det ptolemaiske dynastiet datert til 300 fvt.
Det finst funn som syner at landsbyen blømde i tidleg i romersk og seinbysantinsk tid. Det er funne mange romerske og bysantinske myntar på staden, og mane grave frå den same tida i ei nærliggande høgd. I tillegg er det avdekt fleire karakteristiske romerske og bysantinske strukturar.
Ei heilag grotte ligg oppom landsbyen i sør, truleg eit eldgammalt kapell hogd ut i berget.[5]
Landsbyen vart nemnt i krossfararkjelder i 1178.[6]
I 1596 stod Fandaqumiyya oppført i osmanske skattelister som ein del av Jabal Sami nahiya i Nablus liwa. Han hadde eit folketal på 11 hushaldningar og 1 ungark, alle muslimar. Skattar vart betalte for kveite, bygg, sommaravlingar, oliventre, tilfeldige inntekter, geiter og bikubar, og ei presse for oliven eller druer.[7]
Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1863 og 1870, og estimerte at han hadde kring 500 innbyggjarar. Han skreiv at staden låg i ei åsside. Her var riekeg med vatn og heile åssida var oppdyrka med vakre oliventre, fiken og granateple.[2] I The Survey of Western Palestine (1882) vart Fendakumiyeh skildra som «ein særs liten landsby i ei åsside, med tre kjelder i sørvest, liten og myrlendt.»[4]
I 1917 vart Fandaqumiya erobra av General Allenby og dei britiske styrkane hans frå osmanarane, og tre år seinare vart han ein del av det britiske Palestinamandatet.
Kort tid etter britane kom, bygde dei eit politifort på ein ås i nærleiken. Trass i at mange av innbyggjarane var tilsette i anleggsverksemda, var tilhøvet til dei britiske styrkane dårleg på grunn av krangel om skatt. Under arabaropprøret i Palstina 1936-1939 gjekk somme landsbybuarar til åtak på dei britiske soldtaane og landsbyen vart utsett for britiske represaliar.
I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Fandaqumiya eit folketal på 327, alle muslimar.[8] Dette hadde auka i folketeljinga i 1931 då El Fandaqumiya hadde 101 busette hus og eit folketal på 445, framleis alle muslimar.[9] I 1945 var folketalet 630 arabarar, med 4 079 mål land, i følgje ei offisiell landmåling.[10] 885 mål vart nytta for plantasjar og irrigert land, 2 737 mål for korn,[11] medan 14 mål var utbygd (urbant) land.[12]
Etter den arabisk-israelske krigen i 1948 vart Fandaqumiya styrt av Jordan. Al Fandaqumiya gjekk over til israelsk kontroll i lag med resten av Vestbreidda etter seksdagarskrigen i 1967, men sidan 1995 har han vorte administrert av Den palestinske sjølvstyresmakta.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Fandaqumiya» frå Wikipedia på engelsk, den 25. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Barron, J. B., red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine.
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, H. H. (1882). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 2. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Guérin, Victor (1875). Description Géographique Historique et Archéologique de la Palestine (på fransk). 2: Samarie, pt. 2. Paris: L'Imprimerie Nationale.
- Hadawi, Sami (1970). Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine. Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral.
- Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. ISBN 3-920405-41-2.
- E. Mills, red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Rey, Emmanuel Guillaume (1883). Les colonies franques de Syrie aux XIIme et XIIIme siècles (på fransk). Paris: A. Picard.
- ↑ Projected Mid -Year Population for Jenin guvernement by Locality 2004- 2006 Arkivert 2008-09-20 ved Wayback Machine. Palestinsk statistisk sentralbyrå
- ↑ 2,0 2,1 Guérin, 1875, s. 216-217
- ↑ Palmer, 1881, s. 182
- ↑ 4,0 4,1 Conder og Kitchener, 1882, vol 2, s. 155
- ↑ Conder og Kitchener, 1882, vol 2, s. 185
- ↑ Rey, 1883, s. 426
- ↑ Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 125.
- ↑ Barron, 1923, Table IX, Subdistrict of Jenin,
- ↑ Mills, 1932, s. 68
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 54
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 98
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 148