Opna hovudmenyen

Sebastia (arabisk سبسطية, Sabastiya; gresk Σεβαστη, Sebastē latinsk Sebaste) er ein palestinsk landsby med over 4 500 innbyggjarar,[2] i Nablus guvernementVestbreidda kring 12 kilometer nordvest for byen Nablus.[3]

Sebastia
سبسطية, Sabastiya, Sebaste
kommune
Sebastia vill.jpg
Land Flag of Palestine.svg Dei palestinske territoria
Guvernement Nablus guvernement
Koordinatar 32°16′34″N 35°11′43″E
Areal 4,8 km²
Folketal 4 114 (2007)
Folketettleik 857 / km²
Bystatus 1997
Borgarmeister Ma’amun Harun Kayed[1]
Palestine location map wide.png
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Sebastia, Nablus

Historie og arkeologiEndra

Sebastia har fleire viktige arkeologiske stader. Oltidsbyen Samaria-Sebaste ligg like oppom den moderne landsbyen i austsida av ein ås.[4] Ruinane dominerer åssida og kjem frå seks forskjellige kulturar som er datert attende 10 000 år: kanaanittane, israelittane, hellenarane, Det herodiske dynastiet, romarane og austromarane.[5]

Byen vart øydelagd av Aleksander den store i 331 fvt., og vart øydelagd på ny av Johannes Hyrkanos i 108 fvt.[6] Pompeius bygde opp at byen i år 63 fvt. I 27 fvt. gav Augustus Cæsar han til Herodes den store. Herodes utvida og renoverte byen, og gav han namnet «Sebaste», som tyder «Augustus», til ære for keisaren.[6] Herodes den store førte sønene sine Alexander og Aristobulus til Sebaste og kvelte dei i 7 fvt. etter ei rettsak i Berytus etter løyve frå Cæsar.[7]

Sebastia var setet til ein biskop i krossfarar-kongedømet Jerusalem. Han er nemnt i dokumenta til Yaqut al-Hamawi (1179–1229), ein syrisk geograf, som plasserte han i Filastin-provinsen i Jerusalem, to dagsreiser frå byen, i Nablus-distriktet. Han skreiv òg «Her ligg gravene til Sakarja og Jahya, sonen til Sakarja (Johannes døyparen), og ein av mange andre profetar og heilage menn.»[8]

I dagens Sebastia ligg hovudmoskéen i landsbyen, Nabi Yahya-moskeen, i ruinane av ei krossfarar-kyrkje ein trur vart bygd over gravene til profetane Elisja, Obediah og Johannes døyparen.[4][9] Her finst òg romerske kongelege graver, og nokre få bygningar frå mellomalderen og mange frå osmansk tid som er godt bevarte.[4]

KjelderEndra

  1. Kommunar Nablus Municipality
  2. 2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.110.
  3. «Nablus». Henta 5. september 2015. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Michael Hamilton Burgoyne and Mahmoud Hawari (19. mai 2005). «Bayt al-Hawwari, a hawsh House in Sabastiya». Levanten (Council for British Research i Levanten, London) 37: 57–80. doi:10.1179/007589105790088913. Henta 5. september 2015. 
  5. «Holy Land Blues». Al-Ahram Weekly. 11. januar 2006. Henta 5. september 2015. 
  6. 6,0 6,1 Sebaste, Holy Land Atlas Travel and Turisme Agency.
  7. Josefus Flavius Antiquities book 16 chapter 11 para 7
  8. LeStrange, 1890, s. 522.
  9. Pringle, 1998, s. 283 -290

BakgrunnsstoffEndra