Fangeleirane i Lønsdalen og i Dypen
Fangeleirane i Lønsdalen og i Dypen i Saltdal kommune i Nordland var nokre av fangeleirane til okkupasjonsmakta i Noreg under andre verdskrigen.
Nordlandsbanen blei provisorisk bygd over Saltfjellet til Lønsdal under den tyske okkupasjonen i 1940–1945, og tre fangeleirar blei oppretta på strekninga i denne perioden[1][2]
Lønsdal-fangeleiren
endreFangeleiren på Lønsdal (i Lønsdalen) hadde utanlandske fangar, anten sovjetiske og/eller jugoslaviske fangar.[3]
Eit minnesmerke, bygd av frigjevne fangar frå leiren for å minnast døde medfangar, ligg i Lønsdal. «Inskripsjonsplaten er borte,» skriv nettstaden Polarbanen ved sidan av eit bilete av støtta.[4]
Like etter krigen vart eit hotell bygd på tomta til fangeleiren i Lønsdal.[2]
Fangeleiren ved Lønsdalsbrua
endreFangeleiren ved Lønsdalsbrua hadde 268 utanlandske fangar i mai 1945.[5]
Dypen-fangeleiren
endreDet finst ein teori om at fangeleiren i Dypen vart erstatta av fangeleiren Lønsdal.
«Dypen-fangeleiren» låg mellom «Lønsdal-fangeleiren» og dagens Europaveg 6 (eller E6).
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ Sæther, O. 1975. Registrering av nyere tids kulturminner i Saltfjellet. Rapport, Nordland fylkeskommune. S. 7
- ↑ 2,0 2,1 Siw Elin Eidissen; Jostein Lorås (2014). «Dypen naturreservat i Lønsdal – biologiske verdier og samisk kulturarv» (PDF). Blyttia (72(4)).
- ↑ «JUGOSLAVISK FANGELEIR PÅ SALTFJELLET.I MIDTEN F.V: KLARA ALBRIGTSEN, REIDAR BREDESN OG ANNA ARONSEN. - Nordlandsmuseet / DigitaltMuseum». SBT.F.1993/234-01.
- ↑ «4. Saltdal». Vi ofret våre liv. Henta 25. april 2018.
- ↑ Asbjørn Jaklin (25. februar 2015). «Utsultede fanger ble drevet til slavearbeid. NSB tiet om alt etter krigen». Nordlys.