Fano er ein by i provinsen Pesaro og Urbino i regionen Marche i Italia. Han er ein ferieby med om lag 60 000 innbyggjarar og ligg ved Adriahavet, 12 km søraust for Pesaro. Han er den tredje største byen i regionen etter Ancona og Pesaro.

Fano
by
Land  Italia
Region Marche
Provins Pesaro og Urbino
Areal 121,84 km²
Folketal 59 785  (1. januar 2023)
Borgarmeister Stefano Aguzzi
Postnummer 61032
Retningsnummer 0721
Kart
Fano
43°50′37″N 13°01′11″E / 43.843530555556°N 13.019755555556°E / 43.843530555556; 13.019755555556
Wikimedia Commons: Fano

Historie

endre

Byen vart i antikken kalla Fanum Fortunae etter tempelet til Fortuna som låg her. Han vart først nemnd i skriftlege kjelder i 49 fvt.Julius Cæsar hadde byen, i tillegg til Pisaurum og Ancona. Cæsar Augustus oppretta ein koloni og bygde ein bymur, som det framleis finst restar av. I år 2 evt. bygde Augustus òg ein boge (som framleis står) ved inngangen til byen.

Fano vart øydelagd av Vitiges sine austgotarar i 538 og vart bygd opp att av austromarane. Han vart då hovudstad i bygruppa Pentapolis («Fem byar») som òg inkluderte Rimini, Pesaro, Senigallia og Ancona. I 754 vart han gjeven bort til Kyrkjestaten av dei frankiske kongane.

 
Porta Maggiore i Fano frå 1464 med Arco di Augusto i bakgrunnen.

Malatesta-familien vart herrar i byen i 1356 med Galeotto I Malatesta, som formelt var ein statthaldar for paveane. Mellom anna budde Pandolfo III i byen. Under sonen hans, den kjende condottiero Sigismondo Pandolfo Malatesta vart Fano omleira av paven sine troppar under Federico III da Montefeltro og kom tilkbake til Kyrkjestaten. Han vart seinare ein del av den kortvarige staten Cesare Borgia, og så ein del av hertugdømet til Della Rovere-familien i Marche.

Under napoleonskrigane vart byen hardt råka. Han hadde ei aktiv rolle i Risorgimento. Under den første verdskrigen vart byen fleire gonger bombardert av den austerriksk-ungarske marinen. Under den andre verdskrigen vart han kraftig bombardert av dei allierte på grunn av dei strategiske jerbane- og vegbruene som kryssa elva Metauro.

Kjende personar frå Fano

endre

Bakgrunnsstoff

endre

Kjelder

endre