Fanteladda
«Fanteladda» eller «Vesle Kari Rud» er namnet på ein slått med tilhøyrande segn som har vore fortald og spela i Valdres og Hallingdal. Til segna høyrer fleire ulike slåttar, som har vore spela både på langeleik og hardingfele. Langeleikslåtten som har vore nytta i Valdres skil seg til dømes frå hardingfeleslåtten med same namn. Slåttane med namnet «Vesle Kari Rud» er knytte til ein tredje slåttekrins. Det finst og ein slått frå Telemark, skriven ned etter Øystein Hovdestad frå Vinje, men namnet «Fanteladda». Denne er ikkje melodisk knytt til valdresforma.
Segna
endreSegna fortel om ei jente, Kari Rud eller Fanteladda, som var så glad i å danse. Ho ville ikkje gje seg før daggry, er det fortald. Så var det ein dag det synte seg ein framandkar i døra, som baud ho opp til dans, og Kari sa ja. Mannen dansa med ho til ho var mest utsliten, og då spelemannen såg dette, la han ned fela, men fela heldt fram. Då fela vart lagt i skrinet sitt, heldt fela framleis på, medan Kari hang som ei sliten fille i armane på framandkaren. Då daggryet kom, kvarv den framande, og Kari låg daud att på golvet. Folk sa seinare at denne framandkaren var djevelen, som hadde vore ute etter ho.
Denne segna har ein moralsk bodskap: Hald opp med dansen i tide. Det finst ei liknande segn i England, der ein festlyd dansar på sundagen i kyrkjetida, og vert straffa av djevelen, som tvingar dei til å danse til dei stupar. Straffa for desse er at dei sistpå blir trolla i stein (jmfr Kivlemøyane).
Slåttesteva
endreTil Fanteladda går stevet slik:
- Fanteladda vilde ha seg mann
- om ho sko ta`n frå eit anna land
- Fanteladda ho var like god
- om ho dansa forutan skor
- Fanteladda ho var like kry
- om ho dansa i Kongens by
- Fanteladda ho var like sæl
- om ho dansa seg spent i hel
Telemarksforma har stevet slik:
- Fanteladda vørde ikkje om ho dansa seg spent i hel.
Stevet til Vesle Kari Rud:
- Huttemetu, vesle Kari Rud
- kom, skal du få danse metta di, du
- E ska de snu, det må du tru
- so lengje du står på føto di, du!