Øystein Hovdestad

Øystein Bjørnsson Hovdestad (7. september 184621. juni 1926)[1][2] var ein spelemann og smed frå Vinje i Telemark. Hovdestad er eit døme på ein spelemann som er rekna meir som verdifull kjelde enn som god utøvar.

Øystein Hovdestad
Fødd7. september 1846
Død21. juni 1926 (79 år)
Verka sommusikar

Øystein var son av spelemannen Bjørn Hovdestad. Faren hadde vore mykje i lag med Myllarguten, og soleis kom Øystein til å verte ein viktig kjelde for myllarspel i Vinje. Av dei som fekk slåttar frå han, kan ein nemne Olav Groven og broren Eivind Groven, mellom andre. Hovdestad var og felemakar, oppfinnar og noko av ein tusenkunstnar. Folketeljingane 1865, 1875 og 1900 gjev opp smed som yrkesnemning, ei av dei kallar han børsesmed. Han var ikkje gift, men budde på farsgarden som vart driven av slekt.

Slåttar skrivne ned etter Øystein Hovdestad endre

Hardingfeleverket har trykt opp tjuge slåttar etter Øystein Hovdestad, alle skrivne ned av Eivind Groven mellom 1918 og 1921.

Springar:

  • nr 262: Lange-Jon. Nedskrift 1919 (G 730). Eivind Groven spela inn slåtten for NRK i 1949.
  • nr 263: Fanteladda. Nedskrift 1920 (G 731). Slåttenamnet skriv seg frå Valdres, men slåtten har lite med valdresforma å gjera. Stevet går: Fanteladda vørde ikkje at ho dansa seg spent i hel.
  • nr 264: Springar. Nedskrift 1919 (G 735). Byrjar likt med slåtten Frå morgon til kveld.
  • nr 265: Vriompeisen. Nedskrift 1919 (G 740). Slåtten har noko sams med Igletveiten. Elles har slåtten taktskifte, og kan vera komen med Myllarguten frå Vestlandet. Eivind Groven spela han inn i 1949.

NB: Desse nummera finst berre i form etter Øystein Hovdestad!

  • nr 372b: Skrylte-Hans. Nedskrift 1921 (G 380). Hovdestad hadde slåtten etter faren Bjørn Hovdestad, som hadde han frå Myllarguten. Slåttenamnet skriv seg frå ein kar med pukkelrygg (skryll). Variant a er etter Gamle-Kleven, som hadde slåtten frå Knut Fosslia. Slåtten er vel komen til Telemark med Myllarguten (frå Krødsherad.
  • nr 382a: Løytnantdrengen. Nedskrift 1918 (G 716). Slåttenamnet skriv seg frå "løytnantsdrengin" frå Nore i Numedal, brør av Pål Løytnantsdreng. Variant b er etter Olav R. Berge. Slåtten skriv seg frå Myllarguten.
  • nr 439a: Bægjuven. Nedskrift 1919 (G 739). Slåtten er kalla opp etter spelemannen Olav Bægjuv frå Seljord. Denne er på oppstilt bass, og ikkje ein variant av den meir kjende slåtten på nedstilt bass med same namn. Variant b er etter Olav R. Berge, og c etter Martinus Monstad, Nordhordland.
  • nr 481c: Springar. Nedskrift 1919 (G 736). Dette er ein liten slåttekrins som for det meste er dokumentert i Telemark. Variant a etter Ola Mosafinn er einaste unnataket. Slåtten er venteleg etter Ole Kolsrud frå Heddal.
  • nr 524k: Springar. Nedskrift 1921 (G 383). Variant av Moguten. Og skriven ned av Gregar Nordbø.
  • nr 620: Springar. Nedskrift 1921 (G 386).
  • nr 621: Romleskaft. Nedskrift 1919 (G 722). Minner noko om Slidringen i opningstaket.

Kjelder endre