Faraid Head
Faraid Head er ei lita halvøy på nordkysten av Sutherland i Highland i Skottland, 3 km nord for landsbyen Balnakeil og 4 km nord for Durness.
Det vart bygd ein liten radarstasjon på neset i 1950-åra med eit ROTOR-radarsystem som dekte nordkysten av Skottland. Då stasjonen var ferdigbygd var ROTOR-systemet alt for gammalt og stasjonen vart nedlagd. I seinare år har hovudbygningen vorte renovert og vert nytta som kontrolltårn for bombefelta på Cape Wrath og Garvie Island.
Dei største sanddynene på Dei britiske øyane finst ved Faraid Head.
Bakgrunnsstoff
endre- Subterranea Britannica om Faraid Head - [1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Faraid Head» frå Wikipedia på engelsk, den 21. januar 2010.