Faro
Faro er ein hamneby i Algarve i Portugal. Byen hadde 41 934 innbyggjarar i 2004.[1] Han er den største byen i Algarve og «hovudstad» for regionen.[2]
Faro | |||
by | |||
Faro sett frå lufta
| |||
|
|||
Land | Portugal | ||
---|---|---|---|
Region | Algarve | ||
Distrikt | Faro | ||
Areal | 201,6 km² | ||
Folketal | 58 664 (2006) | ||
Grunnlagd | 1266 | ||
Faro 37°00′58″N 7°56′06″W / 37.016111111111°N 7.935°W | |||
Wikimedia Commons: Faro, Portugal | |||
Nettstad: http://www.cm-faro.pt/ |
Historie
endreFaro blei erobra av maurarar i 1249.[2] Byen har vore bispesete sidan 1577.[2] Som mange andre stader i Portugal blei store delar av byen øydelagd av jordskjelvet i Lisboa i 1755.[2]
Natur
endreVed Faro ligg naturreservatet Ria Formosa, ein lagune på over 170 kvadratkilometer som er rikt på dyreliv, særleg trekkfuglar om vår og haust.
Næringsliv og institusjonar
endreHamna i Faro har vore brukt til fiske og utførsel av frukt, kork og anna. Ein har også tradisjonelt levd på fiskehermetikkindustri her.[2] Sidan midten av 1900-talet har turisttrafikk blitt stadig meir viktig.
Byen har eit arkeologisk museum, eit etnografisk museum og eit sjøfartsmuseum, Universitetet her, Universidade do Algarve, blei grunnlagd i 1979.[2]
Transport
endreFaro har ein internasjonal flyplass.[2] Norwegian har blant anna ei flyrute til byen. Dette var den fyrste utanlandske flyruta til flyselskapet Norwegian.
Kjelder
endre- ↑ UMA POPULAÇÃO QUE SE URBANIZA, Uma avaliação recente - Cidades, 2004 Arkivert 2007-06-20 ved Wayback Machine. Nuno Pires Soares, Instituto Geográfico Português (Geographic Institute of Portugal)
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 «Faro» (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Fri artikkel henta 21. mai 2015.