Fartsgrenser i Noreg

Fartsgrensene i Noreg er 80 kilometer i timen utanfor tettbygde strok og 50 km i timen i tettbygde strok.[1] Reglane gjeld ferdsel med køyretøy på veg eller område som er ope for alminneleg trafikk med motorvogn. Særskilte fartsgrenser er vist med forbodsskilt, og går frå 10 km i timen til 110 km i timen.[2] Før 2000 var høgeste lovlege fart 90 km i timen på norske vegar. Med skilt i Noreg som viser gatetun er det pålagt å køyre i «gangfart». Køyretøy over 3,500 kg og køyretøy med tilhengar har fartsgrense 80 km i timen også der det er vist høgare fartsgrense med skilt.[3]

Skiltet seier at fart over 60 km/t er forbode. Eit vanleg skilt i Noreg og resten av Europa

Historie

endre

Noreg har hatt generelle fartsgrenser på heile vegnettet sidan 1912. Grensene vart gradvis justert oppover til 1965 (Samferdselsdepartementet, St meld 72, 1977-78). Etter 1965 er høvet til å fastsette spesielle fartsgrenser for enkelte vegtypar eller vegstrekningar gradvis utvida.

År Utanfor tettstader I tettstader
1912 35 km/t 15 km/t
1926 35 km/t 25 km/t
1935 60 km/t 35 km/t
1955 70 km/t 40 km/t
1965 80 km/t 50 km/t

Straffereaksjonar

endre

Bøter

endre

Når fartsgrensa er 60 km/t eller lavare

30- til og med 60-soner til og med 5 km/t over til og med 10 km/t over til og med 15 km/t over til og med 20 km/t over til og med 25 km/t over
Bøtesatsar 600 kr 1600 kr 2900 kr 4200 kr 6500 kr

Når fartsgrensen er 70 km/t eller høgare

70- til og med 100-sone til og med 5 km/t over til og med 10 km/t over til og med 15 km/t over til og med 20 km/t over til og med 25 km/t over til og med 30 km/t over til og med 35 km/t over
Bøtesatsar 600 kr 1 600 kr 2 600 kr 3 600 kr 4 900 kr 6 500 kr 7 800 kr


Inndraging av førarkort

endre
 
Automatisk trafikkontroll («fotoboks») på E18 ved Longum i Aust-Agder.
Soner Grense for inndraging km/t over Annan informasjon
30-sone Over 55 km/t 26 km/t
40-sone Over 65 km/t 26 km/t
50-sone Over 75 km/t 26 km/t
60-sone Over 85 km/t 26 km/t
70-sone Over 105 km/t 36 km/t
80-sone Over 115 km/t 36 km/t
90-sone Over 125 km/t 36 km/t Vanlegvis på motortrafikkvegar (tidlegare motorvei kl. B)
90-sone (motorveg) Over 130 km/t 41 km/t Berre på motorveg (tidlegare motorveg kl. A)
100-sone Over 140 km/t 41 km/t 100 km/t berre på enkelte motorvegstrekningar med høg standard

Fengsel eller samfunnsstraff

endre

Vegleiande normer for påstand om samfunnsstraff og fengsel i brev frå Riksadvokaten til alle Politimestrar og Statsadvokatar, dagsett oktober 2007:

Fartsgrense Samfunnsstraff frå og med Fengsel frå og med
50 km/t 92 km/t 96 km/t
60 km/t 110 km/t 115 km/t
70 km/t 120 km/t 125 km/t
80 km/t 130 km/t 136 km/t
90 km/t 142 km/t 150 km/t
100 km/t 155 km/t 165 km/t

På motorvegar (Motorveg kl A) blir førerkortet kversett først ved 41 km over lovleg fart.

Retningslinene gjeld dersom det ikkje er spesielle formildande eller skjerpande omstende. Andre og strengare avgjersler kan skje, jfr Høyesterettsdommar i tilsvarande saker.

Kjelder

endre
  1. Vegtrafikkloven av 1965, § 6, lese på Lovdata 8.des 2012.
  2. http://www.tv2.no/a/8228799/
  3. Forskrift om kjørende og gående trafikk (trafikkreglene), 21.mars 1986 nr 747 § 13, lese på Lovdata 8.desember 2012.