Fargreie

(Omdirigert frå Køyretøy)

Fargreie, fartøy eller farkost er samleomgrep for framkomstmiddel eller transportmiddel. Fargreier er som regel menneskeskapte, sjølv om det òg finst nokre få naturskapte fargreier, som ein flytande trestamme.

Fargreier for ein særskild aktivitet: Golfbilar.

Fargreier kan dragast av trekkdyr eller flyttast ved menneskekraft, dei kan røra seg ved hjelp av drivstoff eller tyngdekraft. Det finst svært mange ulike typar fargreier som kan klassifiserast på ulike vis:

Landfarkostar Endra

Menneskedrivne farkostar Endra

 
Ein indonesisk sykkel.

Sumarfarkostar Endra

Sykkel Endra
Hovudartikkel: Sykkel

Ein sykkel er ei fargreie med eitt eller fleire hjul som er montert etter kvarandre på ei ramme. Sykkelen får framdrift ved hjelp av muskelkraft. Dette skjer anten ved å sparke den framover, eller ved at krafta blir overført frå beina via pedalar, tannhjul og kjede til hjula.

Dresin Endra

Dresin er eit fremkomstmiddel som går på jarnbaneskjener. Dresina vart oppfunna på 1840-talet av tyskeren Karl Drais, som nytta henne for å inspisere jarbanelinjer.

Vinterfarkostar Endra

 
Ein spark.

I kalde land har ein utvikla vinterfarkostar som kan gli på snø eller is, som ski, skeiser, kjelke, pulk, sparkstytting og akebrett.

Ridedyr Endra

Vanlege ridedyr er hest, esel, kamel og så vidare. Før den industrielle revolusjonen spela ridedyr spela ein viktig rolle for menneskeleg aktivitet og somme stader gjer dei det framleis.

Trekkdyrkøyretøy Endra

 
Pulkar dregne av reinsdyr i Russland.

Trekkdyr kan dra ei rekkje ulike fargreier, som vogner og kjerrer.

Andre trekkdyrkøyretøy kan ha meiar, som slede eller stytting

Motorkøyretøy Endra

 
Ein 1974-modell Citroën DS personbil.
 
Ein snøskuter.

Vassfarkostar Endra

Overflatefartøy Endra

 
Seksringen «Todalsgeita» fotografert på Smøla.

Flåte Endra

For meir om dette emnet, sjå Flåte.

Ein flåte (norrønt: floti) er ein enkel farkost eller ein flytande plattform som brukast til å bere last, til transport eller til redning på vatn. Flåtar skil seg frå båtar og større skip ved at flåtar manglar skrog og ved at vatn flaumar igjennom eller over flåten. Flåtar har sjeldan reling. Flåtar kan vere stasjonære, dei kan drive med vind, elvestraumar eller havstraumar, eller dei har framdrift med hjelp av segl, årar eller motor.

Båt Endra

For meir om dette emnet, sjå båt.

Andre typar overflatefartøy er vasski og vasskuter.

Undervassfartøy Endra

Taubanar Endra

 
Ulriksbanen i Bergen.

Taubanar er eit transportmiddel som går i luftspenn, som vert nytta til person- og varetransport i bratt og ulent terreng. Folk og varer er plasserte i gondolar som hen i kraftige ståltau og vert dregne av ein vinsj. Taubanar for persontransport har ofte lukka gondolar, medan skiheisar har opne sete som heng under berelina.

Luftfarkostar Endra

 
Ein Airbus A380 tek av frå Farnborough i Storbrittania.

Luftfarkostar er farkostar nytta for reiser i luftlaget mekkom jordoverflata og det lufttomme verdsrommet. Det finst to hovudtypar: luftfarkostar med oppdrift, som ballongar og luftskip, og farkostar med vengjer som gjev løft når farkosten fer gjennom lufta.

Luftfarkost med oppdrift Endra

Luftfarkost med vengjer Endra

Romfarkostar Endra

 
Vostok-1 romkapselen som i 1961 som frakta den fyrste kosmonaten i soga, Jurij Gagarin, til verdsrommet.

Romfarkostar, eller romskip, er eit samleomgrep nytta om framkomstmiddel for reiser i jordbane eller lengre reiser i verdsrommet.