Fasade (frå fransk façade, «andlet utover», framside) har fleire tydingar.[1] Ordet er av same latinske rot som franske og engelske face og blir brukt om «andlet utover», særleg i arkitekturen.

Fasaden til Secretaria da Justiça e da Defesa da Cidadania i São Paulo i Brasil.

Fasaden er anten den sida av ein bygning som vender mot gata (inne i eit kvartal) eller sida der hovudinngangen er. Det blir nesten alltid lagt mest arbeid i fasadeutforminga som blir laga slik at det er klart både kva som er fasade, og i arkitektonisk formspråk kva bygningen er og kva tyding han har.

Fasadeutforminga har variert etter dei rådande stilartane i kunsthistoria.

I overført tyding bruker ein ofte ordet som spesiell nemning for den mest representative sida.

Biletdøme endre

Kjelder endre

  1. Kunnskapsforlagets ordbok: Fransk-norsk. ISBN 82-573-0188-4

Litteratur endre

  • Ahlstrand, Jan Torsten. (1976): Arkitekturtermer. Lund: Studentlitteratur, ISBN 91-44-02852-0