Fasettauge

(Omdirigert frå Fasettaugo)

Fasettauge er synsorgan som finst hjå dei fleste insekt og dessutan hjå krepsdyr, dolkhalar og den fossile gruppa trilobittar. Nokre insekt har òg punktauge/medianauge. Fasettauge manglar hjå nokre arter maur og termitter (arbeidarar), nokre parasittiske artar, og dessutan hjå nokre holelevande insekt.

Fasettauge hjå antarktisk kril sett med elektronmikroskop
Eit fasettauge er satt saman av mange enkeltauge. Dette er ein augestikkar.
Foto: Charles Lam

SkildringEndra

Fasettauge er to store «auge» sett litt framme og på sida av hovudet. Dei består av mange små enkeltauge (ommatidium) samla i eitt stort «auge». Kvart slikt ommatidium er sekskanta.[1] Det enkelte fasettauget kan innehalda frå nokre få til opp imot 30 000 små sekskanta fasettar. Auga er anten hårlause eller forsynte med mengder av små korte og rett utståande hår mellom fasettane. Fasettane øvst på auget hjå nokre artar kan vera større enn fasettane nedst.

Ommatidium er avgrensa av pigmentceller som skil dei frå kvarandre. Dei har eit gjennomsynleg, linseforma område ytst og deretter ein glaslekam med form som ei kjegle som er danna av fire celler. Inst har dei ein optisk stav danna av sju synsceller som kvar har kontakt med hjernen gjennom nervefibrar.[1]

EigenskaparEndra

Hjå nokre fluger dekker dei store auga nesten heile hovudet. Ganske ofte har hannen større auge enn hoa, og augo går saman på toppen av hovudet (holoptiske). Vanlegvis er auga skilt med ei pannestripe (dioptiske). Nokre insektartar kan sjå fargar, særleg blått og fiolett. Nokre kan oppfatta ultrafiolett lys, særleg bier og veps. Dette gjer det lettare for dei å finna blomar med nektar. Dagflygande insekt har generelt skarpare syn enn dei som er skumrings- eller nattaktive.

Hjå nokre artar er fasettaugo metalliske og lysreflekterande, som hjå kleggane. Andre artar har mindre fargesprakande fasettauge.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Åbro, Arnold (29. desember 2020). «fasettøye». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Fasettauge