Antarktisk kril
Antarktisk krill (Euphausia superba) er ein type kril som er nøkkelart i det antarktiske økosystemet i Sørishavet. Kvar kril kan bli opptil 6 cm lang og 2 gram tung. Antarktisk kril lever i store stimar, eller sverma, som kan ha opptil 10 000–30 000 individ per kubikkmeter.[1] Krilen lever i omtrent 6 år.
Antarktisk kril | |
Antarktisk kril | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Krepsdyr Crustacea |
Klasse: | Storkreps Malacostraca |
Orden: | Kril Euphausiacea |
Familie: | Euphausiidae |
Slekt: | Euphausia |
Art: | Antarktisk kril E. superba |
Vitskapleg namn | |
Euphausia superba |
Antarktisk kril lever på små planteplankton som tek opp energi frå sollys.[2] Krilen blir i sin tur eten av større dyr som selar, kvalar, fuglar og fiskar, ofte som hovudnæringskjelda. Ut frå total biomasse, som ein reknar med ligg rundt 500 millionar tonn, kan antarktisk kril vera det mest utbreidde dyret på jorda.[3]
Krilen har eigne organ for bioluminescens, lys laga av dyra sjølv. Lysorgana sit parvis ulike stader på kroppen.
Kjelder
endre- ↑ William M. Hamner; Peggy P. Hamner; Steven W. Strand; Ronald W. Gilmer (1983). «Behavior of Antarctic krill, Euphausia superba: chemoreception, feeding, schooling and molting». Science 220 (4595): 433–435. Bibcode:1983Sci...220..433H. PMID 17831417. doi:10.1126/science.220.4595.433.
- ↑ Uwe Kils; Norbert Klages (1979). «Der Krill». Naturwissenschaftliche Rundschau (på tysk) 32 (10): 397–402. Arkivert frå originalen 5. mars 2016. Henta 14. oktober 2014.
- ↑ Stephen Nicol; Yoshinari Endo (1997). Krill Fisheries of the World. Fisheries Technical Paper 367. Food and Agriculture Organization. ISBN 92-5-104012-5.
- Denne artikkelen bygger på «Antarctic krill» frå Wikipedia på engelsk, den 14. oktober 2014.
Bakgrunnsstoff
endre- «Virtuelt mikroskop» Arkivert 2002-12-18 ved Wayback Machine. av antarktisk kril ved ecoscope.com.
- Krill cam. Nettkamera av antarktisk kril i eit akvarium.