Fastland

Fastland viser til samanhengande landområde[1] som ikkje er øyar, holmar eller skjer, men er del av eit større landmassiv. I Noreg gjeld dette den delen av landet som tilhøyrer Den skandinaviske halvøya.

Kart over Fastlands-Europa.

Omgrepet fastland kan òg brukast i overført tyding om større øyar i tilhøve til mindre øyar. Til dømes kan ein innbyggjar på ei lita øy seia at han skal til «fastlandet» når han skal til den mykje større nabøya. Til dømes har den største øya både på Orknøyane og Shetland nemninga Mainland/Shetland Mainland.

«Det mørke fastland» var i kolonitida ei nemning for Afrika. I Noreg blei det innført som nemning om Sørvestlandet etter at Arne Garborg gav ut Fra det mørke fastland i 1893, på grunn av det religiøse trangsynet og alvoret folk der skulle ha.[2]

Sjå ògEndra

KjelderEndra