Faustina den yngre (fødd 125 eller 130, død 175) var ei romersk keisarinne som var gift med keisar Marcus Aurelius. Ho blei erklært som guddommeleg etter at ho døydde.

Faustina den yngre
Faustine la Jeune 02.JPG
FøddAnnia Galeria Fustina Minor
16. februar 125
Roma
Død175 (juliansk)
Faustinopolis
Hus eller slektNervan-antoninske dynasti
GravstadCastel Sant'Angelo
LandRomarriket
MorFaustina den eldre
FarAntoninus Pius av Romarriket
EktefelleMarcus Aurelius
BarnCommodus, Lucilla, Fadilla, Marcus Annius Verus Caesar, Annia Cornificia Faustina Minor, Vibia Aurelia Sabina, Annia Aurelia Galeria Faustina

Faustina var fødd som Annia Galeria Fustina Minor, dotter av keisar Antoninus Pius og Faustina den eldre. I 138 blei ho trulova av slektningen sin, keisar Hadrian, og faren sin med Lucius Verus, som var sonen og arvingen til Hadrian sin adoptivfar. Då far til Verus døydde adopterte Hadrian far til Faustina i staden, og ho blei trulova med fetteren sin Marcus Aurelius, som òg blei adoptert av faren hennar. Paret gifta seg i år 145.

Då far hennar døydde i 161 blei han etterfølgd av Marcus Aurelius og Lucius Verus, og Faustina fekk tittelen augusta. Faustina skal ha gjeve ordre om avrettingar og forgiftingar, ha stått bak opprøret til Avidius Cassius og vore utru med sjømenn, gladiatorar og adelsmenn. Relasjonen hennar til ektemannen var veldig god og han forsvarte ho mot alle anklagar. Ho følgde han på felttoget hans, var populær blant soldatane og fekk tittelen Mater Castrorum, 'Mora til kasernen'. Ho var med til dei nordlege delane av imperiet i 170–174 og i aust i 175, der ho døydde i løpet av vinteren i ein militærleir ved Halala i Kappadokia.

Enkemannen hennar lét henner erklæra som guddommeleg ho og plasserte ein statue av henne i Venustemplet i Roma. Han vigde eit tempel til henne og gav Halala namnet Faustinopolis. Han lét òg opne skular for foreldralause jenter kalla Puellae Faustinianae, 'jentene til Faustina'. Også bada ved Milet fekk namnet hennar.

KjelderEndra