Milet eller Miletos (gresk Μίλητος, Milētos; latin Miletus) var ein gresk oldtidsby på vestkysten av Vesle-Asia, på ei halvøy sør for byen Söke i dagens Tyrkia.[1]

Milet
by
Ruinar i Milet
Land  Tyrkia
Del av det antikke Hellas
Kart
Milet
37°31′52″N 27°16′32″E / 37.531111°N 27.275556°E / 37.531111; 27.275556
Wikimedia Commons: Miletus

Milet voks truleg fram omkring 1500 år før vår tidsrekning. Byen var den leiande staden under den joniske kulturen, og var særleg kjend for ullindustri og omfattande sjøfart.[1] Persarar erobra Milet i 547 fvt., frå 133 fvt. låg han under Romarriket.[1]

Elveslam gjorde at Milet mista kontakta med havet og byen gjekk til grunne i bysantisk tid. Ruinar av monumentale byggverk, så som tempel og teater, finst att på staden.[1]

Bevis på tidleg busetjing ved staden er blitt gjort utilgjengelege ved at havnivået har stige og avsetning av sediment frå Menderes heilt har endra landskapet sidan oldtida. Dei første tilgjengelege påvisingane er av neolittiske folk. I tidleg og midtre bronsealder kom busetjinga under minoisk innverknad. Legender vil ha det til at ei tilstrøyming av folk frå Kreta okkuperte staden og erstatta den innfødde folkesetnaden av lelegarar. Staden blei omdøypt til Miletos etter ein stad på Kreta.

I sein bronsealder, 1200-talet f.Kr., kom det ei tilstrøyming av luvisktalande folk austfrå og frå sørsentrale Anatolia som kom til å kalla seg sjølv for kariarar. Seinare i dette hundreåret kom dei første gresktalande folka frå øyane i Egearhavet og frå det greske fastlandet. Byen gjorde på denne tida opprør mot Hettittarriket. Etter at riket til hettittane fall saman, blei byen øydelagt på 1100-talet f.Kr. og byrja på nytt ein gong rundt 1000 f.Kr. med ny busetjing av joniske grekarar. Legenda viser til ei jonisk grunnlegging av ein stamfar kalla Neleos frå Peloponnes.

Dei mørke hundreåra i Hellas var ei tid med jonisk busetjing og ein samanslutting i det som blei kalla det joniske forbundet. Arkaisk tid i Hellas byrja med eit plutseleg oppsving i kunstuttrykk og filosofi på kysten av Anatolia. På 500-talet f.Kr. blei Milet som ein travel hamneby med innverknad frå innlandet og sjøvegen i sør til staden som blei opphavet til den greske filosofiske (og vitskaplege) tradisjon då Thales (500-talet f.Kr.), den eine av dei sju vise i Hellas, følgd av Anaximander og Anaximenes (kjend kollektivt for dagens forskarar som den miletiske skulen og som førsokratiske filosofar) byrja å spekulera om det materielle vesenet til verda (kva som var urstoffet i verda) og å foreslå spekulative naturalistiske (i motsetnad til tradisjonelle og overnaturlege) forklaringar på ulike naturlege fenomen.

Miletos er òg fødestaden til arkitekten Isidor som stod bak den tidlegare katedralen Hagia Sofia i Konstantinopel og oppfinnaren av strebebogen (500-talet e.Kr.)

Geografi endre

 
Plasseringa av Milet ved munningen av Menderes. Kartet viser korleis Milet var ein hamneby i antikken, men korleis avleiringer frå elva har fylt ut bukta i hundreåra og gjort han til ein innlandsby.

Milet låg på vestkysten av Anatolia (i den noverande tyrkiske provinsen Aydın), i nærleiken av munningen til elva Menderes, kalla Maiandros i antikken (no Büyük Menderes), i oldtidsriket Karia.[2] Før den persiske invasjonen på midten av 500-talet f.Kr. var Miletos rekna som den største og rikaste av dei greske byane.[3][4] Ruinane av den antikke byen opptrer på satellittkart ved 37°31.8'N 27°16.7'E, omtrent 3 km nord for Balat og rundt 3 km austom Batiköy.

I antikken hadde byen ei hamn ved det sørlege innløpet av ei stor bukt. I den same bukta oppstod det òg to andre (av dei tradisjonelt tolv) joniske byar: Priene og Myus. Hamna i Miletos var i tillegg verna av ei lita øy, Ladt. I løpet i hundreåra blei bukta fylt opp av silt som blei liggjande igjen som avleiring etter elva. Priene og Myus mista hamnene sine allereie i romersk tid, og Milet blei til ein innlandsby. I tidleg kristen tid var alle dei tre byane forlatne av innbyggjarane då økonomien her blei kvelt av mangelen av tilgjenge til havet. Det var eit stort hamnemonument der som er nemnd i Det nye testamentet. Det fortel at apostelen Paulus stoppa der på sjøreisa si tilbake til Jerusalem. Han møtte dei gamle frå forsamlinga i Efesos og drog deretter ned til stranda for å seia farvel, ifølgje Apostelgjerningane.[5]

Geologi endre

I løpet av den geologiske epoken pleistocen var regionen Miletos under havnivået i Egearhavet. Han løfta seg deretter langsamt. Havet nådde eit nedre nivå på rundt 130 meter nedanfor dagens nivå for rundt 18 000 år sidan. Staden Miletos var ein del av fastlandet.

Ei gradvis forhøging førte til eit nivå på rundt 1,75 meter nedanfor dagens for rundt 5 500 år sidan, og skapte fleire karstblokkøyer av kalkstein, noko som blei plasseringa til dei aller første busetjingane ved Milet. For rundt 1500 år sidan skifta karst-topografien grunna mindre skorpebevegelser og øya danna ei fast eining i form av ei halvøy. Deretter heva havet seg rundt 1,75 meter, men halvøya har blitt omgjeven av sediment frå Mendereselva og er i dag landfast. Sedimenteringa av hamna byrja ein gong rundt 1000 f.Kr. og ved år 300 e.Kr. hadde innsjøen Bafa blitt til.[6]

Historie endre

Neolittisk tid endre

Dei eldste tilgjengelege arkeologiske bevisa indikerer at øyane som Milet opphavleg låg på, blei folkesette av ein steinalderfolkesetnad i neolittisk tid ein gong mellom 3500 og 3000 f.Kr. Pollenprøver frå innsjøen Bafa innanfor Miletos ved foten av Beşparmakfjella (i antikken kalla for Λάτμος, Latmos) tyder på at ein lett klimavegetasjon og skog der det beita dyr var rådande i Menderesdalen, men elles var han ikkje folkesett.[7] Det var ei sesongmessig og hyppig menneskeleg busetjing skjedde i vårmånedane. Øyane utanfor kysten var kanskje busette på grunn av den strategiske plasseringa deira utanfor elva, ei rute innanlands verna av den bratte fjellskråningen. Beitedyra i dalen kan ha tilhøyrt dei, men busetjingslokaliteten gjekk ut mot havet.

Bronsealderen endre

Nedskriven historie for Milet byrjar med skrifter frå Hettittarriket i sein bronsealder. Den forhistoriske arkeologien i tidleg og midtre bronsealder tyder på ein by tungt påverka av samfunn og hendingar andre stadar i Egearhavet framfor innlandet.

Den kretiske perioden endre

Frå rundt 1900 f.Kr. blei det skaffa gjenstandar frå den minoiske sivilisasjonen på Kreta via handel.[7] I ein del hundreår mottok Miletos sterke impulsar frå den avanserte minoiske sivilisasjonen, eit arkeologisk faktum som tenderer å støtta, men ikkje naudsynlegvis stadfesta, opphavsmyten om ei tilstrøyming av folkesetnad frå Kreta slik Strabon har fortalt:[8]

«Eforos sier: Miletos ble først grunnlagt og befestet over havet av kretere hvor Miletos fra gamle tider er nå beliggende, ble bosatt av Sarpedon som førte med seg kolonister fra kretiske Miletos og navnga byen etter dette Miletos, stedet var tidligere eid av lelegerne.»

Legendene skrivne ned som historie av historikarar og geografar i antikken er kanskje sterkast. seinare mytografar har ikkje lagt til noko av historisk tyding.[9]

Luvisk og gresk periode endre

Miletos er første gong nemnd i dei hettittiske annalane til kong Mursili II som «Millawanda». Ein gong rundt 1320 f.Kr. støtta Millawanda opprøret til Uhha-Ziti frå Arzawa. Mursili II gav hærførarane sine Mala-Ziti og Gulla ordre om å herja Millawanda, og desse følgde opp med å brenna ned byen eller delar av han. Brennskader i det arkeologiske laget LHIIIA på staden er blitt knytte til dette åtaket.[10] I tillegg blei byen forskansa etter ein hettittisk plan.[11]

Millawanda er deretter nemnd i Tawagalawa-brevet, delvis i ei rekkje som omfattar Manapa-Tarhunta-brevet og Milawata-brevet, alle som er mindre enn påliteleg datert til tida rundt 1250 f.Kr. Det førstnemnde brevet nemner at Milawata (Millawanda) hadde ein guvernør, Atpa, som var underlagt herredømet til Ahhiyawa (ein veksande stat som truleg kan identifiserast med helladisk Mykene på det greske fastlandet); og at byen Atriya var underlagt styresmakta til Milawata. Manapa-Tarhunta-brevet nemner òg Atpa. Til saman fortel dei to breva at eventyraren Piyama-Radu hadde audmjuka Manapa-Tarhunta overfor Atpa (i tillegg til andre dårlege handlingar); ein hettittisk konge har deretter jaga Piyama-Radu til Millawanda og, i Tawagalawa-beva, kravd denne utlevert.

Milawata-brevet nemner ein fellesekspedisjon av den hettittiske kongen og ein luvisk vasall (truleg Kupanta-Kurunta av Mira) mot Milawata og merker seg at Milawata (og Atriya) no var underlagt hettittisk kontroll.

Homer nemner at under Trojakrigen var Miletos ein karisk by.[12] I det siste stadiet av helladisk tid hadde festninga i Pylos i bronsealderen blant dei kvinnelege slavane sine ei mi-ra-ti-ja, mykensk gresk for «kvinne frå Miletos», skrive med linear B-skrift.[13]

Under samanbrotet i bronsealderen blei Miletos brunne ned igjen, denne gongen truleg av havfolka.

Den mørke tidsalderen endre

Mytografer fortel at Neleos, ein son av den siste kongen i Athen Kodros, hadde kome til Miletos etter at «heraklidane attervende». Jonarane drap mennene frå Miletos og gifta seg med enkjene deira. Dette er den mytiske byrjinga på den langvarige alliansen mellom Athen og Miletos, som kom til å spela ei viktig rolle i dei påfølgjande persarkrigene.

Arkaisk tid endre

 
Kart over Miletos og andre byar innanfor det lydiske riket.
 
Gravløve av marmor, slutten av 500- eller byrjinga av 400-talet f.Kr. Frå nekropolis i Miletos.

Ifølgje Herodot var Miletos ein av dei tolv joniske byane langs kysten av Anatolia som gjekk med i det joniske forbundet: Miletos, Myus og Priene i Karia som alle snakka same dialekt; Efesos, Kolofon, Lebedos, Teos, Klazomenai og Fokaia, som låg i Lydia og den regionen som i dag blir kalla for Jonia der dei snakka ein annan dialekt; øya Khíosar og byen Erythrai på fastlandet som snakka same dialekt; og øya Samos, der dei snakka ein eigen dialekt.[14]

Miletos var ein av byane som var involvert i den lelantinske krigen som blei utkjempa av nabobyane Khalkis og Eretria i Euboea og som fann stad i tidleg arkaisk tid, ein gong mellom 710 og 650 f.Kr. Herodot nemner den same krigen som årsaka til kvifor Eretria etter det joniske opprøret sende militær støtte til Miletos, som då var truga av Perserriket.[15] Miletos hadde støtta Eretria i krigen denne byen førte mot Khalkis, medan Samos hadde teke den motsette sida.

På slutten av 600-talet f.Kr. verna tyrannen Thrasyboulos om sjølvstendet til Miletos under den tolv år lange krigen mot det lydiske riket.[16] Krigen enda utan ein avgjerande seiar til nokon av partane, og deretter inngjekk dei ein allianse. Thrasyboulos var ein alliert av den kjende tyrannen Periander frå Korint.[17]

Miletos blei eit viktig senter for filosofi og vitskap, og gav menn som Tales, Anaximander og Anaximenes. Bertrand Russell meinte heile framvoksteren av den antikke greske kulturen byrja her,[18] fordi Miletos låg i ein fruktbart kryssingspunkt mellom aust og vest med livleg handel og utveksling. I sør låg Kypros, Fønikia og Egypt, mot nord Egeerhavet og Svartehavet, og vest for Egeerhavet det greske fastlandet og Kreta. Mot aust stod Miletos i nært samband med Lydia og gjennom dette med landa i Mesopotamia. Frå Lydia lærte milesarane å slå gullmynt som kunne brukast som byttemiddel. Hamna i Miletos var fylt med skip frå mange land. Med pengar som univeralmiddel for registrering av verdiar og for utveksling av eit slag varer mot eit anna, «er det berre å venta at filosofane i Miletos skulle opptakast av å spørja om kva alle ting var laga av.»[19]

«Alle ting er av vatn,» kom Tales fram til. Dette blei utfordra av både Anaximander og Anaximenes. Fleire andre av dei store greske lærde og skribentane kom òg frå Miletos, som historieskrivarane (logografane) Kadmos og Hekataios, og dessutan poeten Fokylides.

På 500-talet f.Kr. hadde Miletos skaffa seg eit maritimt rike med mange koloniar, men hadde det mektige Lydia på andre sida av Egearhavet, og tyrannen Polykrates på naboøya Samos i vest. Blant varene som Miletos produserte og handla med var milesisk ull og tekstil som var kjent som svært fint.

Kyros den store av Persia overvann Krøsus av Lydia på midten av 500-talet f.Kr. kom Miletos under persisk overherredøme. I 499 f.Kr. blei leiaren for Miletos, tyrannen Aristagoras, leiar for det joniske opprøret mot persarane. Den persiske krigsmakta knuste opprøret og straffa Miletos slik at heile Hellas skal ha sørga over det. Eit år seinare skreiv den tragiske poeten Frynikhos, ein av dei tidlegaste tragiske dramatikarane i Athen, dramaet Miletos' fall. Athenarane gav forfattaren ei bot, ὡς ὑπομνήσας οἰκεῖα κακά, for å ha minna dei om dette tapet. Miletos blei rekna som ein koloni av Athen og var difor kjær for moderbyen.

Klassisk tid endre

 
Det urbane rutenettplanet til Miletos som blei utvikla av Hippodamos ca. 400 f.Kr.
 
Amfiteater i Miletos.

Etter den greske sigeren over persarane i år 479 f.Kr. på det greske fastlandet blei Miletos frigjort frå persisk styret. I løpet av den persiske tida blei det skipa fleire andre byar av folk som hadde flykta frå Miletos. Disse byane blei spreidde over heile kysten av Anatolia og nokre så langt unna som Krimhalvøya ved Svartehavet. Etter frigjeringa frå persarane blei Miletos bygd opp igjen, då med ein hippodamisk byplan (etter arkitekten Hippodamos frå Miletos), med gater som kryssa kvarandre i rette vinklar i form av eit rutenett. Denne byplanen kom seinare til å bli ei viktig inspirasjonskjelde for dei romerske byane, og sidan utgangspunktet for dagens moderne byplanlegging. Det nye Miletos blei eit viktig medlem av det athenske sjøforbundet, men byen klarte aldri sidan å komme opp mot den tidlegare stordommen sin.

I 386 f.Kr. blei Miletos igjen innlemma i Persarriket, men i 334 f.Kr. overvann hæren til Aleksander den store den persiske garnisonen i byen og gjorde Miletos til ein del av det hellenistiske riket hans.

Romersk periode endre

 
Jonisk stoa ved den heilage vegen.

Dei følgjande hundrer abytteMiletos herskarar fleire gangar. Romarane overtok i 133 f.Kr i samanheng med erobringa av Pergamon. Under romersk herredømme fekk Miletos status som fristad, og byen hadde ei viss blømring fram til 300-talet e.Kr. då hamna blei gjengrodd av slam. Då byen mista hamna si mista han òg tydinga si.

Byen gav namn til dei såkalla milesiske forteljingane, gresk Milesiaka, latin fabula milesiaca, som var ei form for kort prosaforteljing, vanlegvis ein erotisk og pirrande fabel, og hadde ein viss popularitet på 100-talet f.Kr. og seinare. Han kan reknast som byrjinga på den greske prosaromanen.[20] Den eponymiske grunnleggaren av den liddarlege, milesiske litteraturen var ein «Aristides frå Miletos». Tilvisinga til Miletos var at Aristides, som hadde eit omdømme for å skriva skamlause forteljingar, plasserte handlinga si i Miletos sidan byen hadde eit rykte for eit overdådig og sorgløst levevis. Det er ingen grunn til å tru at Aristides sjølv kom frå Miletos.[21][22]

Det nye testamentet nemner Miletos som staden apostelen Paulus kom til i år 57 mot slutten av den tredje misjonsreisa hans. Ein går ut frå at Paulus stoppa ved det store hamnemonumentet og sat på trappa der, og det kan vera der han møtte dei eldre før han sa farvel. Miletos er òg staden der han etterlét efesaren Trofimos, reisefølgjet sitt, for å komma seg frå sjukdom.[23] Det er òg mogleg at Paulus hadde ytterlegare ei reise til Miletos, kanskje så seint som 65 eller 66.

Bysantinsk og osmansk tid endre

 
Illustrasjon av Miletos frå 1837

I løpet av bysantinsk tid blei Miletos sete for erkebiskopar. Den vesle bysantinske festninga kalla Kastro Palation som ligg på ei høgde utanfor byen blei bygd på denne tida. Frå Miletos kom den berømte handelsfamilien Mauros, ein av medlemmene deira blei dommar av Hippodromen i Konstantinopel. Miletos blei leia av ein kurator (curator bonis).[24][25]

Seldsjukkane (tyrkarar) erobra byen på 1300-talet og nytta Miletos som utgangspunkt for handel med republikken Venezia. Til sist nytta osmanarane byen som ein base for styret sitt i Anatolia. Då hamna ved sjølve byen for lengst var silta opp hadde byen gradvis blitt forlaten. I dag ligg ruinane av byen rundt 10 km frå havet.

İlyas Bey-moskeen frå 1403 blei i 2012 utrop til Europa Nostra kulturarv i tyrkiske Miletos.

Arkeologiske utgravingar endre

 
Marknadsporten i Miletus ved Pergamonmuseet i Berlin.

Dei fyrste arkeologiske undersøkingane av Miletos blei utførte av den franske arkeologen Olivier Rayet i 1873, følgd av dei tyske arkeologane Julius Hülsen og Theodor Wiegand i 1899 og 1931.[26][27][28] Utgravingane blei likevel avbrotne fleire gpngar av krig og anna uro. Carl Weickart dreiv undersøkingar i ein kort sesong i 1938 og på nytt mellom 1955 og 1957.[29][30][31] Han blei følgd av Gerhard Kleiner og så av Wolfgang Muller-Wiener. I dag er utgravingane organiserte av Ruhr-Universität Bochum i Tyskland.

Ein oppsiktsvekkande gjenstand avdekt frå byen under dei fyrste utgravingane på 1800-talet, marknadsporten i Miletos, blei transportert i bitar til Tyskland og deretter sett saman igjen. Han er framleis utstilt i Pergamonmuseet i Berlin. Hovudsamlinga av gjenstandar er tatt vare på ved Miletos Museum i Didim i Aydın sidan 1973.

Koloniar endre

Miletos blei kjend for det store talet koloniar han oppretta. Byen blei rekna som det store greske metropolis ved at han hadde oppretta fleire koloniar enn nokon annan gresk by. Eit hovudområde var ved Svartehavet.[32]

Plinius den eldre nemner 90 koloniar oppretta av Miletos i Naturalis Historia (5.31), blant dei:

Kjende personar endre

  • Tales frå Milet (ca. 624 f.Kr.–ca. 546 f.Kr.), førsokratisk filosof
  • Anaksimander (ca. 610 f.Kr.–ca. 546 f.Kr.), førsokratisk filosof
  • Kadmos (ca. 550 f.Kr.), forfattar
  • Anaksimenes (ca. 585 f.Kr.–ca. 525 f.Kr.), førsokratisk filosof
  • Hippodamos (ca. 498–408 f.Kr.), arkitekt og byplanleggar
  • Aspasia (ca. 470–400 f.Kr.), hetære og elskarinne av Perikles, var fødd her
  • Hekataios (400-talet f.Kr.), historikar
  • Aristagoras (400-500-talet f.Kr.), tyrann av Miletos
  • Hesychios (500-talet e.Kr.), gresk kronikør og biograf
  • Isidoros frå Miletos (500-talet e.Kr.), gresk arkitekt
  • Levkippos (fyrste halvdel av 400-talet f.Kr.), filosof og opphavsmann til atomteorien. Assosiasjonen hans til Miletos er tradisjonell, men omstridd.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Milet i Store norske leksikon
  2. Tellier, Luc-Normand (2009): Urban World History: An Economic and Geographical Perspective, PUQ, s.79: «The neighboring Greek city of Miletus, located on the Menander river was another terminal of the same route; it exerted certain hegemony over the Black sea trade and created about fifty commercial entrepôts in the Aegean sea and Black sea region...»
  3. Marshall, John (1891): A Short History of Greek Philosophy, Kessinger Publishing, LLC, nyutgivelse 2007; s. 11: «For several centuries prior to the great Persian inversion of Greece, perhaps the very greatest and wealthiest city of the Greek world was Miletus.»
  4. Sansone, David (2003): Ancient Greek civilization; John Wiley & Sons, s. 79: «In the seventh and sixth centuries BC the city of Miletus was among the most prosperous and powerful of Greek poleis.»
  5. Nettbibelen: Apostlenes gjerninger 17-38[daud lenkje]: «Fra Miletos sendte han bud til Efesos og kalte til seg menighetens eldste.»
  6. Crouch, Dora P. (2004): Geology and Settlement, s. 180.
  7. 7,0 7,1 Crouch, Dora P. (2004): Geology and Settlement, s. 183.
  8. Strabon, Bok 14, seksjon 1.6.
  9. Den senere fantasifortellingen til Antoninus Liberalis (mellom 100-300 e.Kr.) og hans Metamorphoseon Synagoge XXX 1–2, en samling av førtien meget korte mytiske omforminger, kan trygt bli sett bort fra å ha noen form for historisk betydning. Hans underholdende fortellinger har en fiktiv mytologisk figur ved navn Miletos som flykter fra Kreta for å unngå å bli tvunget til å bli eromenos (den kvinnelig part i et homofilt forhold) av den mytologiske kong Minos av Kreta. Miletos grunnlegger byen med sitt navn etter å ha drept en kjempe ved navn Asterios, sønn av Anax, og etter sistnevnte ble region til byen Miletos kalt for «Anaktoria», i betydningen «stedet til Anax». Den greske betydningen av Anax er «konge» og Asterios er «skinnende».
  10. Mee, Christopher: Anatolia and the Aegean in the Late Bronze Age Arkivert 2015-12-24 ved Wayback Machine. (PDF), s. 142
  11. Mee, Christopher: Anatolia and the Aegean, s. 139
  12. Homer: Iliaden, sang II
  13. Palaeolexicon, Word study tool of ancient languages
  14. Herodot: Historie, 1.142
  15. 1800-tallets historikere foretrakk en tidlig datering, slutten av 700-tallet f.Kr., men senere historikere har forskjøvet dateringen framfor, se Bradeen, Donald W. (1947): «The Lelantine War and Pheidon of Argo» i: Transactions and Proceedings of the American Philological Association 78, s. 223-241
  16. Gorman, Vanessa B. (2001): Miletos, the Ornament of Ionia: History of the City to 400 BCE, University of Michigan Press, s. 123
  17. Herodot: Historie, 5.92f
  18. Russel, Bertrand (1961): Vestens Visdom, Tiden, s. 10.
  19. Russel, Bertrand (1961): Vestens Visdom, Tiden, s. 16.
  20. «Aristeides» i Nordisk familjebok (2. opplag, 1904)
  21. Howatson, M. C. (1989): The Oxford Companion to Classical Literature; se også Milesian Tales, Brill Online
  22. Jensson, Gottskalk: The Milesian Tale: Short Story or Novel? (PDF)
  23. Paulus' andre brev til Timoteus 4:20
  24. Cheynet, Jean-Claude (2006): The Byzantine Aristocracy and its Military Function, Volume 859 of the Variorum collected studies series, Ashgate Pub. ISBN 978-0-7546-5902-0
  25. Cheynet, Jean-Claude & Sode, Claudia (2010): Studies in Byzantine Sigillography, Volume 10, Walter de Gruyter. ISBN 978-3-11-022704-8
  26. , Olivier; Rayet, Thomas (1877): Milet Et Le Golfe Latmique, Fouilles Et Explorations Archeologiques Publ, nyopptrykk Nabu Press 2010 ISBN 1-141-62992-5
  27. Wiegand, Theodor; Hülsen, Julius (1919): Das Nymphaeum von Milet, Museen zu Berlin; Krausem, Kurt (1929): Die Milesische Landschaft, Milet II, vol. 2, Schoetz
  28. Wiegand, Theodor et al. (1913): Der Latmos, Milet III, vol. 1, G. Reimer
  29. Weickert, Carl (1940): "Grabungen in Milet 1938" i: Bericht über den VI internationalen Kongress für Archäologie, s. 325-332
  30. Weickert, Carl (1957): "Die Ausgrabung beim Athena-Tempel in Milet 1955" i: Istanbuler Mitteilungen, Deutsche Archaeologische Institut, vol. 7, s.102-132
  31. Weickert, Carl (1959): "Neue Ausgrabungen in Milet" i: Neue deutsche Ausgrabungen im Mittelmeergebiet und im Vorderen Orient, s. 181-196
  32. Graham, A. J. (1999): Colony and Mother City in Ancient Greece, Manchester University Press, s. 98. Sitat: «Judged by the number of its colonies Miletus was the greatest of the Greek mother cities. For though some of the more extravagance claims made in antiquate have not been substantiated by modern investigations, her colonies were by far more numerous than those of any other Greek cities.»