Faustina den eldre (kring 16. februar 100140) var ei romersk keisarinne som var gift med keisar Antoninus Pius. Ho blir kalla den eldre (latin Faustina Major[1] for å skilja henne frå dottera, Faustina den yngre (130–176). Keisar Marcus Aurelius var nevøen hennar og blei seinare ein adoptivson, sama med keisar Lucius Verus. Faustina døydde tidleg i herskartia til Antoninus Pius, men fortsette å ha ei viktig symbolsk rolle etter at ho døydde fordi ho blei guddommeleggjort som diva..[2]

Faustina den eldre
Faustina02 pushkin.jpg
FøddAnnia Galeria Fustina
16. februar 105
Romarriket
Død140
Hus eller slektNervan-antoninske dynasti
GravstadCastel Sant'Angelo
LandRomarriket
MorRupilia
FarMarcus Annius Verus
EktefelleAntoninus Pius av Romarriket
BarnFaustina den yngre, Marcus Galerius Aurelius Antoninus, Marcus Aurelius Fulvus Antoninus, Aurelia Fadilla

LivEndra

Faustina blei fødd og voks opp i Roma. Fødselsdatoen hennar var 16. februar[3][4] og fødselsåret var rundt år 100.[5] Faustina er den einaste kjende dottera til konsulen og prefekten Marcus Annius Verus og Rupilia Faustina.[6] Ho var syster av konsulen Marcus Annius Libo og praetoren Marcus Annius Verus. Mostrene hennar var den romerske keisarinna Vibia Sabina og Matidia Minor. Farfaren hennar heitte Marcus Annius Verus, som faren, medan mora sine foreldre var Salonia Matidia (niesa til keisar Trajan) og suffect-konsul Lucius Scribonius Libo Rupilius Frugi Bonus.

Faustina gift seg med Antoninus Pius som privat borgar mellom år 110 og 115. Dei fekk fire barn, to søner og to døtrer:[7]

  • Marcus Aurelius Fulvius Antoninus (døydde før 138), gravinnskrifta hans er blitt funnen ved Hadrianmausoleet i Roma.[6][8]
  • Marcus Galerius Aurelius Antoninus (døydde før 138), gravinnskrifta hans er blitt funnen ved Hadrianmausoleet i Roma.[6][8]
  • Aurelia Fadilla (d. 135); gift med Aelius Lamia Silvanus eller Syllanus.
  • Annia Galeria Faustina Minor eller Faustina den yngre (fødd mellom 125-130, død 175), ei romersk keisarinne. Ho gifta seg med syskenbarnet sitt, den romerske keisaren Marcus Aurelius.[6][8]

10. juli 138 døydde onkelen hennar, keisar Hadrian. Som adoptivsonen og arvingen hans blei Antoninus romersk keisar og Faustina blei keisarinne. Senatet gav henne tittelen augusta.[6]

Ho døydde i oktober eller november i år 140.[9][10]

 
Antoninus og Faustina på Antoninus Pius-søyla.

Faustina er skildra som vakker og intelligent, og naut stor respekt. Ho dreiv velgjerdsprosjekt, mellom anna for utdanning og då særleg av jenter. Ho skal ha hatt eit særs godt tilhøve til ektemannen. Då Faustina døydde fekk Antoninus Pius bygd eit tempel for henne, Tempelet til Faustina. Det blei truleg innvigd i år 144.[11] Som guddom var Faustina særleg knytt til grødegudinna Ceres, som blei avbilda på myntar med Faustina.[12]

Etter at Antoninus Pius døydde fekk etterfølgjarane Marcus Aurelius og Lucius Verus reis Antoninus Pius-søyla, som viste opphøginga av Antoninus og Faustina til himmelen saman på ryggen til ein figur med venger.[13] Faustina-tempelet blei vigd til både Antoninus Pius og Faustina.

 
Mynt slått i år 140 eller 141 som viser Faustina og tempelet vigd henne.

KjelderEndra

  1. Ei innskrift frå Liguria (CIL 07617) omtalar henne (i genitiv) som DIVAE FAVSTINAE MAIORIS.
  2. Bergmann & Watson 1999, s. 6: «Antoninus’s ideological program was based upon his pietas (loyalty to family, state, and the gods) and the most concerted expression of Antoninus’s piety was Faustina’s consecration.»
  3. Mal:Harvp, citing the Feriale Duranum 3.7.
  4. Inscriptiones Italiae 13(02): 43.
  5. Mal:Harvp estimerer fødeåret til ca. år 97, men noterer estimatet til ca. år 105 i D. Kienast (1990). Römische Kaisertabelle: Grunzüge einer römischen Kaiserchronologie. Darmstadt: Wissenschaflische Gesellschaft. .
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 «Faustina I». Livius.org. Henta 21. september 2015. 
  7. K.L.M. (1996). «Draped bust of Faustina the Elder (aureus of Antoninus Pius)». Bearers of Meaning: The Ottilia Buerger Collection of Ancient and Byzantine Coins at Lawrence University. Henta 21. september 2015. 
  8. 8,0 8,1 8,2 «Faustina Senior». FORVM ANCIENT COINS. Henta 21. september 2015. 
  9. Birley, Anthony. Marcus Aurelius, Routledge, s. 243. Routledge, 2000. ISBN 0-415-17125-3
  10. Ifølgje S. Vidman si tolking av Fasti Ostienses (1982, s. 122; sitert i Mal:Harvp), døydde Faustina i tidsrommet 21.–23. oktober, medan gravferda hennar fann stad mellom 6. og 12. november. Sjå Beckmann (2012), s. 22.
  11. Beckmann 2012, s. 19.
  12. Beckmann 2012, s. 62.
  13. Freisenbruch 2010, s. 210.
  • Beckmann, Martin (2012). Diva Faustina: coinage and cult in Rome and the provinces. New York: American Numismatic Society. 
  • Bergmann, Bettina; Watson, Wendy M. (1999). The Moon and the Stars: Afterlife of a Roman Empress. South Hadley, Massachusetts: Mount Holyoke College Art Museum. 
  • Freisenbruch, Annelise (2010). The First Ladies of Rome: The Women Behind the Caesars. London: Jonathan Cape. 
  • Lendering, Jona (2015) [2007]. «Faustina I». Livius.org. Henta 21. september 2015. 
  • Levick, Barbara (2014). Faustina I and II: Imperial Women of the Golden Age. Oxford University Press. ISBN 978-0-19-537941-9. 
  • Weigel, Richard D. (1998). «Antoninus Pius». De Imperatoribus Romanis: An Online Encyclopedia of Roman Emperors. Henta 21. september 2015. 

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Faustina den eldre