Feale
Feale (irsk An Fhéil eller Abhainn na Féile) er ei elv på Irland. Ho har utspring nær Rockchapel i Mullaghareirkfjella i County Cork sørvest i Republikken Irland og renn nordvestover i 75 km[1] gjennom Abbeyfeale og Listowel i County Kerry før ho til slutt munnar ut i Shannon-estuaret ved Ballyduff. Elva og bielvane hennar dannar til saman over 160 kmav vassvegar. I dei siste 10 km er elva kjend Cashen. Ho inneheld store populasjonar av laks og sjøaure.
Feale | |||
elv | |||
Kjelde | Mullaghareirkfjella i County Cork | ||
---|---|---|---|
Munning | Atlanterhavet ved Shannonestuaret | ||
Feale 52°28′59″N 9°41′21″W / 52.48294°N 9.68903°W | |||
Wikimedia Commons: River Feale |
Galleri
endre-
Bru over Feale ved Listowel
-
Feale ved Finuge Crossing
-
Landnotfiske i elva i 1975
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «River Feale» frå Wikipedia på engelsk, den 23. oktober 2007.