Fedje-Sævrøy
ferjesamband i Vestland
60°47′16″N 4°45′52″E / 60.78778°N 4.76444°E
Fedje-Sævrøy er eit ferjesamband på riksveg 568 til Fedje kommune i Vestland fylke.[1] Ruta går mellom Fedje og Sævrøy i Austrheim. Strekninga vert betjent av Fjord1[2] med ferja MF «Fedjebjørn», som har 8–12 avgangar dagleg, om lag kvar 1 1/2 time. Overfarten tar om lag 30 minuttar.[3]
Fram til 1989 gjekk ferjesambandet Fedje-Rossnes-Hoplandsjøen.
Kjelder
endre- ↑ «Vegliste 2013. Fylkes- og kommunale vegar i Hordaland.». Statens vegvesen. s. 6. Arkivert frå originalen 1. juni 2016. Henta 30. april 2016.
- ↑ FosenNamsos ute - Fjord1 har vunne sju ferjesamband. NRK. Besøkt 10. mai 2020.
- ↑ «Fedje – Sævrøy Rute 1021» (PDF) (på norsk). Fjord1. Arkivert frå originalen (pdf) 1. oktober 2020. Henta 13. november 2020.
Bakgrunnsstoff
endre- Ferjeruter på nettstaden til Tide Arkivert 2009-03-01 ved Wayback Machine.