Opna hovudmenyen

Austrheim kommune

kommune i Hordaland
(Omdirigert frå Austrheim)

Austrheim er ein kommune i Hordaland fylke. Kommunen ligg i Nordhordland, nordvest i havgapet sørom munningen til Fensfjorden og grensar i nord til Gulen i Sogn og Fjordane, i aust til Lindås, i sør til Radøy og vest i havet ligg Fedje. Kommunen omfattar øyane Fosnøy, Bakkøy, Njøten og ei rekkje mindre øyar, holmar og skjer i tillegg til den nordvestlegaste delen av Lindåshalvøya. 13 større og mindre bruer bind kommunen saman og dei største øyane har alle vegsamband til fastlandet.

Austrheim kommune
kommune
Mongstad.1.jpg
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hordaland
Adm.senter Årås
Areal 57 km²
Folketal 2 902 (1. januar 2018)
Folketettleik 51 / km²
Målform nynorsk
Ordførar Per Lerøy (Ap)
Kommunenr. 1264
NO 1264 Austrheim.svg
Wikimedia Commons: Austrheim
Nettstad: www.austrheim.kommune.no

Det vestlegaste fastlandspunktet i Noreg, Vardetangen, ligg på Lindåshalvøya i Austrheim.

Langs den fiskerike Fosenstraumen ligg det ei rekkje buplassar frå steinalderen.

Delar av Mongstad industriområde ligg i kommunen.

KommunevåpenetEndra

Kommunevåpenet er frå 1989 og viser tre bøygde sylvbjelkar på blå botn, der bjelkane symboliserer bruene som bind kommunen saman, og dei blå felta symboliserer himmelen over og havet under bruene. Det er Svein Skauge som har teikna det.

 
Tiriltunge, kommuneplanta til Austrheim.

KommuneplanteEndra

Tiriltunge (Lotus corniculatus) vart i 1998 vald ut til å vera kommuneplante for Austrheim.

HistorieEndra

Austrheim vart eigen kommune 10. oktober 1910, då han vart utskild frå Lindås herad. Fram til 1947 omfatta kommunen òg dagens Fedje kommune. Austrheim kommune overlevde dei store kommunesamanslåingane på 1960-talet, men 1. januar 1964 vart ein liten del av den gamle kommunen, med 56 innbyggjarar, overført til Radøy kommune.[1]

FolketalsutviklingEndra

Folketalsutvikling for Austrheim kommune frå 1951:

1.1.1951[1] 1.1.1961[1] 1.1.1971[1] 1.1.1981[1] 1.1.1991[1] 1.1.2001[1] 1.1.2010[1]
2390a 2147a 1849 2591 2671 2522 2738
a Talet omfattar eit område som vart overført til Radøy kommune i 1964. Dette området hadde då 56 innbyggjarar.

FotnotarEndra

BakgrunnsstoffEndra