Felix du Temple de la Croix

fransk politikar

Felix du Temple de la Croix (fødd (fødd 18. juli 1823 i Lorris (Loiret), død 4. november 1890 i Cherbourg-Octeville (Manche) var ein fransk sjøoffiser og oppfinnar. Han er kjent for å ha utført den fyrste motoriserte flygeturen i historia, i 1857.

Felix du Temple de la Croix

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 18. juli 1823
Lorris
Død

3. november 1890 (67 år)
7. arrondissement

Yrke politikar, offiser, flygar
Språk fransk
Felix du Temple de la Croix på Commons
Skisse av flyet til Felix du Temple frå 1857.
Fullskalaflyet til du Temple frå 1974

Felix du Temple de la Croix var oppteken av å laga ei flygemaskin. Han studerte fuglane og kom til at ei flygemaskin måtte ha ein viss fart for å kunna flyga. Han henta så inspirasjon frå dampdriven skip, som midt på 1800-talet hadde teke til å nytta propell, og bestemte seg for å driva flygemaskina si med propell. I 1857 klarte han, saman med bror sin, Louis, å få eit lite motordrive fly med propell til å ta av [1]. Flyet hadde ein masse på 0.7 kg og faste vengjer og motoren var fyrst eit urverk, seinare ei lita dampmaskin.

du Temple bygde så eit fly som var stort nok til ein pilot, og i 1874, men ein marinegast som pilot, klarte flyet å letta og flyga eit lite stykke[2] . Dette flyet hadde ein motor med ekstern forbrenning og tok av i unnabakke nedover ein rampe. Sjølv om dette ikkje kan reknast som ein flytur var det truleg fyrste gongen at ei motordriven flygemaskin med ein pilot ombord klarte å letta frå bakken. Flyet hadde eit vengjer av tynne aluminiumsplater, eit vengjespenn på 12 m og ein masse på 80 kg.

Referansar endre

  1. Aerokrif, Félix du Temple, Centerblog.net, 20/2-2009.
  2. Gibbs-Smith, C.H., Hops and Flights: A roll call of early powered take-offs, Flight, bind 75 (2619), 3/4-1959, s. 468.