Opna hovudmenyen
Ein 42-sylindra JSC Zvezda M503 diesel stjernemotor, på 2940 kW

Ein forbrenningsmotor er ei varmekraftmaskin som omsett kjemisk energi i drivstoff til mekanisk arbeid ved hjelp av kontrollert forbrenning.

Innhaldsliste

KlassifiseringEndra

 
Klassifisering av forbrenningsmotorar.

Det finst mange ulike forbrenningsmotorar, som kan klassifiserast på ulike måtar. Ei vanleg klassifisering er å dela dei inn i to hovudgrupper: motorar med utvendig forbrenning og motorar med innvendig forbrenning. Desse to hovudgruppene kan så klassifiserast vidare, som til dømes:

For å letta oversyner er finare klassifiseringar plassert i underartiklane som handlar om dei ulike motortypane.

Historisk oversynEndra

Det historiske oversynet under er stort sett berre ei opplisting av datoar, som er meint å gje eit raskt oversyn over dei ulike oppfinningane og utviklinga innan forbrenningsmotorteknologi. Artiklane som handlar om dei ulike motortypane har meir utfyllande stoff om soga til motorane dei handlar om.

År Utvendig forbrenning Innvendig forbrenning Oppfinning
Open krins (damp) Lukka krins Trykk Reaksjon
Stempel Reaksjon Lukka Stempel Turbin/jet Rakett
50 Reaksjon Heron av Alexandria eksperimenterte med ein roterande dampjetmotor, kjent som Eolipile
1206 Stempel Al-Jazari fann opp ei dobbeltverkande stempelpumpe med veivaksel og råde
1232 Rakett Kinesarane nytta krutrakettar for å forsvara seg mot mongolske åtak
1241 Rakett Mongolane nytta rakettar (som kinesiske vitskapsmenn hadde laga for dei) mot ungarane under åtaket på Sejo
1243 Rakett Det osmanske riket fekk tilgang på rakettar (truleg frå mongolane)
1258 Rakett Mongolane nytta rakettar under åtaket på Bagdad
1268 Rakett Arabarane nytta rakettar for å forsvara seg mot franske åtak
1509 Reaksjon Taqi al-Din‎ beskreiv eit dampdrive grillspyd [1]
1551 Stempel Leonardo da Vinci foreslo ein forbrenningsmotor (utan kompresjon)
1609 Stempel Giambattista della Porta eksperimenterte med ei dampdriven vasspumpe
1615 Stempel Salomon de Caus publiserte eit vitskapeleg verk [2] der han mellom anna tok for seg ekspansjon og kondensasjon av damp
1629 Reaksjon Giovanni Branca beskreiv ein dampturbin [3]
1633 Rakett Lagari Hasan Çelebi nytta ein krutrakett for å flyga over Bosporos. Han var utstyrt med venger og landa ved glideflukt. Ferda tok rundt 300 sekund og maksimalhøgda vart vurdert til om lag 300 m
1663 Stempel Edward Somerset eksperimenterte med ei dampdriven vasspumpe
1673 Stempel (atm. tr.) Abbé Hautefeuille foreslo ein forbrenningsmotor som nytta krut som drivstoff, for å pumpa vatn. Prinsippet var å nytta atmosfæretrykket til å lyfta vatnet ved at det oppstod undertrykk i sylinderen når gassen vart avkjølt etter eksplosjonen [4]
1678 Stempel (atm. tr.) Christiaan Huygens eksperimenterte med ein krutdriven undertrykkstempelmotor. I fylgje [4] fekk Huygens motoren til å fungera og demonstrerte han i 1680
1678 Stempel John Trust utførte eksperiment som bygde på arbeidet til Edward Somerset
1690 Stempel Denis Papin eksperimenterte med ein dampsylinder.
1698 Thomas Savery bygde ei dampdriven vasspumpe, utan stempel, for å pumpe vatn ut av gruver
1600-talet Stempel (atm. tr.) Samuel Morland eksperimenterte med å nytta krut for å generera undertrykk for å lyfta vatn
1712 Stempel Thomas Newcomen bygde ei dampdriven vasspumpe med stempel og sylinder for å pumpe vatn ut av ei gruve
1763 Stempel James Watt laga ein forbetra verson av dampmaskina til Newcomen
1769 Stempel James Watt fekk patent på ein kondensator, som førte til at dampmaskinane vert meir effektive
1771 Stempel Joseph Cugnot bygde ein dampdriven lastebil
1776 Stempel James Watt bygde ei dampdrive vasspumpe i stor skala
1780 Stempel James Watt fann opp den dobbeltverkande dampmaskina
1780 Stempel Alessandro Volta nytta ein elektrisk gnist til å tenna ei luft-hydrogen-blanding [5]
1782 Stempel James Watt bygde ei dobbeltverkande dampmaskin.
1788 Stempel James Watt fann opp sentrifugalregulatoren
1791 Turbin John Barber fekk patent på og bygde ein primitiv gassturbin
1792 Rakett Kong Tipu Sultan av Mysore (no ein del av India) nytta støypejarnsrakettar for å forsvara seg mot åtak frå Det britiske Ostindiske kompaniet under Dei anglo-mysorske krigane
1794 Stempel Robert Street fekk patent på ein forbrenningsmotor (utan kompresjon) som nytta terpentin- eller oljedamp
1799 Stempel Richard Trevithick utvikla ein høgtrykksdampkjel, som gjorde kondensatorkammeret til Watt overflødig
1801 Lukka Philippe Lebon fekk patent på ein dobbeltverkande gassmotor (utan kompresjon)
1806 Stempel François Isaac de Rivaz konstruerte ein stempelmotor som gjekk på ei blanding av hydrogen og oksygen
1816 Lukka Robert Stirling fann opp ein varmluftsmotor (stirlingmotoren)
1820 Stempel (atm. tr.) W. Cecil publiserte eit framlegg til ein stempelmotor som nytta hydrogen som drivstoff. Det var atmosfæretrykket som utførte arbeid når gassen i sylinderen vart avkjølt etter forbrenninga [4]
1823 Stempel Whright fekk patent på ein dobbeltverkande gassmotor med sentrifugalregulator [4].
1823 Stempel (atm. tr.) Samuel Brown fekk patent på og bygde ein gassmotor [4]
1826 Stempel (atm. tr.) Samuel Morey fekk patent på og bygde ein motor som nytta terpentin son drivstoff
1838 Stempel William Barnett fekk patent på ein gassmotor som i tillegg til arbeidssylinderen hadde to andre sylindrar som komprimerte lufta og gassen før dei vart blanda. Motoren hadde ikkje kompresjon, men gassen som strauma inn i sylinderen hadde overtrykk [4]
1843 Stempel Drake bygde ein gassmotor som gjekk på lampegass. Turtalet var på 160 o/min og effekten på rundt 20 hk [4]
1854 Stempel (atm. tr.) Barsanti og Matteucci bygde ein gassmotor som vart installert på Maria Antonia jarnbanestasjon i Firenze.
1860 Stempel Jean-Joseph Étienne Lenoir tok patent på ein totakts gassmotor med innvendig forbrenning, men utan kompresjon. Lenoir testa motoren i ein primitiv bil [6]. Motorane til Lenoir er rekna som dei fyrste som var brukbare i praksis, sjølv om dei hadde svært dårleg verkningsgrad.
1860 Stempel Christian Reithmann fekk patent på firetaktsmotoren
1862 Stempel Alphonse Beau de Rochas publiserte ei utgreiing om det termodynamiske prinsippet som ligg til grunn for firetaktsmotoren.
1863 Stempel Jean-Joseph Étienne Lenoir utvikla ein forgassar og prøvekøyrer ein bil med forbrenningsmotor for flytande drivstoff[6]
1870 Stempel Siegfried Marcus bygde ein totaktsmotor utan kompresjon, etter same mønster som Lenoir. Han monterte motoren i ei vogn.
1877 Stempel Nikolaus August Otto tok patent på ein firetaktsmotor med innvendig forbrenning, med kompresjon (patentet vart seinare oppheva, etter ei rettssak)
1878 Stempel Dugald Clerk laga den fyrste totaktsmotoren med kompresjon, med ein mekanisk kompressor som spylte ut eksosen og fylte sylinderen med luft via ein tilbakeslagsventil i sylindertoppen [7]
1882 Stempel George Brayton bygde ein motor som gjekk på parafin, med ein separat sylinder for kompresjon. Motoren hadde låg verkningsgrad
1884 Turbin Ægidius Elling fekk patent på ein gassturbin. Charles Algernon Parsonsl bygde ein gassturbin
1888 Stempel Joseph Day laga ein totaktsmotor med kompresjon som nytta trykket i veivhuset til å fylla sylinderen
1890 Stempel Herbert Akroyd Stuart tok patent på og bygde den fyrste glødehovudmotoren [8]
1892 Stempel Rudolf Diesel tok patent på dieselmotoren
1898 Stempel Carl W. Weiss konstruerte den fyrste totakts glødehovudmotoren
1903 Turbin Ægidius Elling bygde den fyrste gassturbinen som kunne levera nytteffekt. Effekten var 8 kW (11 hk)
1903 Rakett Konstantin Eduardovitsj Tsiolkovskij publiserte rakettlikninga og foreslo å nytta hydrogen og oksygen som drivstoff
1906 Jet Rene Lorin fann opp motorjet
1908 Jet Victor de Karavodine utvikla grunnlaget for reaksjonsmotorar
1910 Jet Henri Coandă bygde det fyrste jetflyet. Det nytta ein motorjet
1919 Rakett Robert Goddard publiserte A Method of Reaching Extreme Altitudes[9], som la gunnlaget for mykje av moderne raketteknologi.
1923 Rakett Hermann Oberth publiserte Die Rakete zu den Planetenräumen[10], som la gunnlaget for mykje av moderne raketteknologi
1929 Stempel Felix Wankel tok patent på wankelmotoren
1932 Jet Frank Whittle tok patent på turbojetmotoren
1937 Jet Det fyrste jetflyet tok av den 12. april i Storbritannia
1939 Jet Hans von Ohain bygde og testa den fyrste turbojetmotoren
1970-talet Stempel Ein fekk elektronisk kontrollert tenning i bilmotorar
1980-talet Stempel Det elektroniske tenningssystemet vart forbetra for å minske forureining
1980-talet Stempel Ein fekk elektronisk drivstoffinnsprøyting på bensinmotorar til bil
1990-talet Stempel Ein fekk hybridkøyretøy som nyttar seg av både ein forbrenningsmotor og ein elektrisk motor

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. al-Din, T., Al-Turuq al-samiyya fi al-alat al-ruhaniyya, 1551.
  2. de Caus, S.Les Raisons des forces mouvantes, 1615.
  3. Branca, G., Le machine, Roma, 1629.
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 The Early History of Combustion Engines', University of Cambridge, Department of Engineering. (vitja 19/4-2008)
  5. Electric pistol, Volta's instruments. (vitja 19/4-2008)
  6. 6,0 6,1 Hütten, H., Motoren - Technik - Praxis - Geschichte, 10. utg., Motorbuch Verlag, 1997.
  7. Vivian, E.C., The Two-Stroke Cycle Engine, World wide school library. (vitja 21/4-2008).
  8. Hooley, R., The Akroyd Oil Engine, Ray Hooley's - Ruston-Hornsby - Engine Pages. (Ref. dato: 22/9-2007)
  9. Goddard , R., A Method of Reaching Extreme Altitudes, Smithsonian Institution, 19919.
  10. Oberth , H., Die Rakete zu den Planetenräumen, 1923.