Ei feltlinje er ei kurve som kan trekkjast i eit vektorfelt, og som på kvar stad har same retning som feltvektoren på staden. Eit vektorfelt kan til dømes vere eit elektrisk felt der både styrken og retninga av feltkrafta varierer frå stad til stad. I eit divergensfritt felt vil feltlinjene danne samanhengande kurvar som verken oppstår eller forsvinn i feltet.

Figuren til venstre syner elektriske feltlinje til to like positive ladningar. Figuren til høgre syner det elektriske feltet i ein dipol.

Feltlinjetettleiken er mengder feltlinjer som skjer eit flateelement vinkelrett på linjene, dividert med storleiken av elementet og gjev eit mål for feltstyrken, det vil sei for krafta i eit gravitasjonsfelt (tyngdefelt) eller i eit elektrisk eller magnetisk felt, og for straumhastigheita i eit hastigheitsfelt, til dømes i ei væske- eller gasstraum. Feltlinjene blir difor òg kalla kraftlinjer, straumlinjer, osv.

Kjelder endre