Fenitt
Fenitt er ein bergart, ein syenittisk gneis som er oppstått ved at alkaliske løysingar har omdanna ein opphavleg granittisk gneis i nærleiken av eit karbonatitt-kompleks. Prosessen blir kalla fenittisering og er ei form for metasomatose.
Han er kalla opp etter Fen i Telemark, sjå Fensfeltet.
Kjelder
endre- Fenitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/fenitt.